tirsdag 12. april 2011

Kveldsljos på Åsheimveten

(Om du vil: høgreklikk her, og opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)



Ambivalens

Det er det ordet som passar best på kjenslene eg har når eg besøker Osterøy.

Men eg er derfrå.

Og gradvis har tyngda i vektskåla peika meir mot det fine og gode og mindre mot dei leie minnene. Det gjer godt.

Det har mykje å gjera med at tida leger.
Ingen sår er sterke nok til at tida ikkje er sterk medisin og lindrar.

Og for kvar godt menneske eg treff når eg vitjar Osterøy, di meir vippar vektskåla rett veg.

Dei dimme minnene om det som ein gong var er som blånene i solnedgongen; noko ein anar langt der borte, som skuggeland i alt ljoset.

I kveld kjende eg ingenting anna enn glede over å vera "heime".

 





Då eg hadde angst måtte eg læra meg at dei små sigrane var viktige.

Difor lærde eg meg å feira dei.

Slik vart Åsheimveten viktig. Den er korkje særs høg eller uoverkommeleg.

Men ein liten siger å feira.
Så kvar gong eg kjem opp dit løftar eg hendene opp som om eg nett har passert mål i eit stort meisterskap. Og eg feirar at eg lever.

Og at summen av små sigrar ofte er mykje meir verdifull enn den eine som kjem ein sjeldan gong.

I dag feira eg i tillegg ljoset!






Men eg hylte ikkje til månen!



Det gjer eg ein annan gong!


søndag 10. april 2011

Livsteikn

- based on a 1000 true stories....


(Om du vil: høgreklikk her, og opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)


Det er ofte ein kjenner at noko manglar, at ein er for sliten, at det går litt i stå. Kroppen, sjela, tankane, verda omkring. Det er så mykje å ta inn og respondera på.


Og så er det april. Vårteikna står i kø. Og kor godt det er å sjå dei, sansa dei, kjenna på dei og legga dei på minnebrikka ein plass under hårfestet.


Denne helgja har eg for så vidt samla vårteikn, men eigentleg har eg samla livsteikn. 


Eg har samla på teikn på at livet er godt å leva. Og mykje av det eg har samla kan monterast saman i ei serie bilete. "Based on a thousand true stories". For livet er møter. Sanne historiar. Brøkdelar av sekund, timar, fragment og heilskap sett saman til noko større enn tida og innhaldet sjølve i sum.


Livsteikna er det ein tek med seg vidare. Dette har eg teke med meg frå ei helg med påfyll for sjela; og eg er heilare enn på lenge!


Bileta eg tek med meg er av dyr, menneskje, natur, musikk og glede!





Eg tek med meg Irma, alle uttrykka, den mjuke pelsen og gleda over flogejakt i hagen:




Eg tek med meg Martika (frå ein herleg familie som spreier smil) og dei andre som spela "Toss the feathers" så eg allereie kjende meg som om eg var komen til Skottland, tre månader før tida:



Eg tek med meg Jimmy ("El Greco"), smilet han spreier hjå andre, brillene under haka og det store kakestykket eg fekk; det med alle rosene på:



Eg tek med meg Otto; ein fantastisk mann som eg gler meg til å sjå i morgon; då skal eg levera bilete til han og kona, hjelpa han med datamaskina og høyra på kva musikk han har skrive til ei gjendikting av William Wordsworth for meg. Og eg skal ta med "that silly face" - så godt me vågar å vera leikande!



Eg skal ta med meg ein stor cafe Mocca, som Camilla laga; og ho lagar det med glede, som ho spreier glede ved måten ho lyttar på, og snakkar på. Ho er eit fint menneskje!



Eg skal ta med meg våren i Molvik. Dei overvintra restane av fjorårets blomar; dei spede byrjingane på ein ny sesong; vatnet som sildrar i elva ved "Badehølen"; far som klipper greiner frå frukttrea, slik at dei betre kan bera si haustlege bør; "auget" på veggen mot blå bakgrunn - ei påminning om kreativiteten til mor, som har brukt helgja der inne på å strikka dåpskjole til vesle Jakob; lyngen på terrassebordet og alt anna som gjev livet farge:









Eg tek med meg maten og vinen; den gode sausen laga på rekeskal og ferskpressa appelsin, med pasta og chili- og basilikum-marinerte kongereker:



Eg vil ta med meg Knut, Anita, ungar og venene deira på nabohytta; med eit søndagsmøte som både vart til sal av bilete og nye fotografi:




Og til slutt vil eg ta med meg det å dela ein fantastisk konsert med ein vidunderleg ven. Her var ikkje kameraet med, så forteljinga får stå til eit bilete eg har låna frå Silje Nergaard si heimeside. For Silje trollbatt oss i Arna Kyrkje, saman med to fantastiske gitaristar: Håvard Bendiksen og Hallgrim Bratberg - dei tek eg og med. For å sjå fjesa deira når dei slepp alle hemningar og leikar med instrumenta; å høyra Silje si varme, inderlege stemme tolka "The moon's a harsh mistress" eller når dei alle i saman tek Michael Jackson sin "Black or White" ut i eit funky grenseland av det forventa, eller av det mogelege for den saks skuld - då er dei alle verdt å ta med seg vidare. Dei gav opplevingar innom heile kjensleregisteret, som eg fekk dela med fleire og kjenna på med ein sterk ven, og som eg kan legga i bringa i påvente av ei ny arbeidsveke med fleire livsteikn.


Og så vil eg ta med meg Monika Heldal; nyoppdaga frå mi side, eit lokalt talent utover det eg tidlegare har opplevd, og som eg gler meg stort til å høyra meir av. For ho var akkurat det eg vil at eit musisk menneskje skal vera; leikande med instrumentet og med sjela utanpå!



Takk for stunder, venskap, andlet med smil og trivnad, kreativitet og musikk og alt som gjer sjela varm!

Ha ei strålande god ny veke med nye livsteikn!

Based on a thousand true stories!





onsdag 6. april 2011

"Den gamle mannen og hvalen"


(Om du vil: høgreklikk her, og opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)



Tenk deg at du er 42 år og får ei barnebok i gåve.

Då er du i den tilstand av lukke eg var i for under 24 timar sidan.

Eg fekk boka i forseinka fødselsdagsgåve. Vedkommande som gav meg boka sa: "Når eg gjev nokon ei gåve, gjev eg noko eg likar sjølv!" Det er trygt.

Og det er rett!

For i det ligg det å gje med hjartet og frå sjela. Ein deler noko av seg sjølv.

I same samtalen delte me at me båe to kunne forenkla det kompliserte og komplisera det enkle. Det er noko av det som gjer oss heile, trur eg. At ikkje alt er enkelt eller komplisert i seg sjølv, at me stiller spørsmål ved og utfordrar sanseinntrykka.

Og "Den gamle mannen og hvalen" er sanseinntrykk:

"Den gamle mannen så forskrekket inn i det store blå øyet. Han så at hvalen hadde levd mange år i havet. Havets hjerte, tenkte han, havets hjerte sitter fast på stranda mi. "Hei!" var det eneste han kom på å si. Hvalen sukket til svar, så tungt at grunnen dirret og fjellene skalv. En stor, salt tåre trillet fra øyet til hvalen og Cornelius ble våt på beina"


Stian Hole skriv så augene vibrerer, hjerna tek inn frå sansar som går ut over det synlege eller høyrbare og smaken av havet lagar motorveg mellom deg og Lofotveggen.
Og den grafiske designaren Stian Hole lagar sansesterke illustrasjonar som gjer at boka har ein dimensjon som grip så langt inni deg at du veit etter fyrste side at du kjem til å bruka boka til mangt meir enn eingongs lesing.

Og den som gav meg boka, gav frå hjartet og med sjela.


Eg fann symbolikk som var tilsikta til meg og la ikkje frå meg boka før eg var ferdig med fyrstegongs lesing. Og i dag skal eg lesa ho att. Med nye auge.

Ein murstein fall frå hjartet mitt medan eg las!

Og eg er inderleg glad for at det finnes folk som både gjev og skriv bøker som skjønar at ein ikkje må vera berre enkel eller komplisert, men at der er dualismen som gjer menneskja heile.

Takk for mursteinen som fall og byggjesteinen som var lagt på plass!

....

Fotnote: "Den gamle mannen og havet" vart skriven av Ernst Hemmingway og handla om mannen som var stor i kjeften og sa han skulle få den største fangsten, men aldri fekk noko. Før han fekk sitt livs kamp for å få sitt livs største fisk i land.....
"Den gamle mannen og hvalen" er om den varsame mannen som vil redda kvalen attende til havet.

Livet er eit valg av retning!




mandag 4. april 2011

Tulipantid II



Så er altså utstillinga over og eg er ikkje lengre debutant.
Eit særs klokt hovud sa at eg måtte hugsa å ta vare på det gode eg kjende på undervegs i prosessen og la det bli ein del av meg. 

Eg trur eg har klart det nokonlunde.

For i går, i all nedpakking og levering og statusoppdatering i sjela, kom roa. Brått vart alt så heilt. Eg hadde fullført eit stort prosjekt og den siste dagen var ein god finale med varme, sjelfulle menneske innom.

Så er det og ei god kjensle å byta ham litt, ta av seg vinterklea samstundes med at utstillinga er ferdig og tenka at einkvar slutt er ei ny byrjing.

Difor byrja våren formelt på verandaen i dag. Om enn med kald sur vind. Og sjølv om han offiselt byrja for vel ein månad sidan, om eg skal gå etter kalendaren.
Nyplanta vakre tulipanar og dei sjølvsagte påskeliljene. Pusekattar på selja som overvintra så fint. Omplanting av dei sterke staudene som alt er grøne. Det spirar sart med timian frå snøfri rot. Peon-treet kjem med sterke nye skot og det same gjer rose-trea. Og jammen spirar det ikkje godt i krukka til keisarkronene, som etter å ha byrja som tre plantar for 4 år sidan no skal ha dobla seg kvart år og det vil seie at eg, om eg er heldig, skal få sjå 24 blodraude liljer spretta fram og samla vassdråpar i juni.

Alt er kva ein gjer det til. I dag har eg gjort ein slutt til ei ny byrjing. Ny stiar skal trakkast og gamle stiar skal også gåast oppatt slik at sommaren får sitt trygge vante tak. 


Saman byggjer det gamle og det nye heilskap.




lørdag 2. april 2011

Tulipantid

I morgon pakkar eg bileta saman og ein intens periode er over. Det har vore ein "rite des passages", ein periode med endring og overgang. Eg har vorte sterkare. Eg kjenner meg heilare.


Eg har så mange å takka. Nokre personar har betydd heilt enormt mykje i denne perioden.


Så no lar eg tulipanane tala. For eg har fått så mange og flotte tulipanar dei siste vekene. Tusen takk, alle saman, for at de har tenkt varmt og vårleg og liva opp stova mi kvar veke.


Takk for våren og dei gode tankane.








onsdag 30. mars 2011

Bladrik grein


Eg fekk ein god grunn til å finna fram att mitt favorittdikt i dag, skrive av Halldis Moren Vesaas: Bladrik grein




Eit nytt hjarte – er det så rart? 
Det får vi da rett som det er! 
Det får vi kvar gang vi møter 
ein som vi rett får kjær. 
Da brest det fram i vår bringe 
under hans varme ord 
eit hjarte til, som er berre for han 
og vil han alt godt på jord.
Slik veks vi med hjarte ved hjarte 
som greina med blad kvar vår, 
meir inderleg fast til livsens tre
for kvart eit nytt som vi får. 
Det svid til mergen når eitt av dei blir 
i utide rykt frå si kvist. 
Eg veit ikkje kva for eit av mine 
eg nødig ville ha mist. -
Å jo, dette leande, store, som gløder 
For deg, venn, må losne sist!

Halldis Moren Vesaas

Bilete er henta frå Sardinia i oktober 2010. 
Copyright: Lars Persen


tirsdag 29. mars 2011

Dank U, mijn Vrienden!




For snart to år sidan kom eg aleine til Madeira, nærare bestemt til Funchal. Eg såg fram til ein varm og god ferie, men ikkje for varm, så eg drog ut i havet. Vel framme på hotellet tok eg turen rett opp på taket til bassenget. Der sat eit par som vinka og sa "Hello! We are Marlies and Michel. Come and play yatzy with us and have a beer!" Snakk om direkte helsing til ein ukjend. Så me held saman som erter-ris til dei
reiste heim fire dagar seinare. Dei er av dei trivelegaste menneskja eg har møtt. Utan tvil. Og me bestemte oss for å halda kontakten.


8 månader seinare reiste eg til Groningen på besøk. Eg må innrømme at eg aldri kunne budd i Nederland. Det er så flatt og grått at eg kjenner meg rik som er frå eit land med fjordar, fjell og nok plass. Men menneskja er det noko med. Dei inviterer. Dei er som Marlies og Michel. Men M and M er for meg heilt spesielle og bursdagspresangen deira til meg i fjor var billettar til skøyte-VM i Heerenveen. Aldri har eg vel opplevd makan til kaotisk idrettsarrangement. Det var ein fest med skøyteløp til, ikkje omvendt. Og så fantastisk å få oppleva. Hornorkester, øl, smil, song, avskil med store skøyteløparar som gjekk sine site løp og borna deira som gjekk sine fyrste mot kvarandre, Wendy som kom rett bort til meg og måla flagg i andletet mitt. Og om me har ulike vaner og syn på kva som er sunt i livet, så blir venskap styrka av gode felles opplevingar.


Så har eit år gått utan at me har sett kverandre. Det er ei veke sidan eg vart eit år eldre enn sist. Og posten leverer ikkje alltid i tide. Men då eg kom heim i dag, låg denne i postkassen. Eg vart mållaus. For aldri har eg fått eit sjokogram før. Eg ante knapt at dei fanns. Men det gjer dei altså.


Og det gjer òg verkelege, sterke, inderlege og oppfinnsame vener.

Dank U, mijn Vrienden!














mandag 28. mars 2011

Forteljinga om ein liten gut og eit godt minne



For fire-fem år sidan skreiv eg dette diktet til bestemor. Adelheid, heitte ho, og vart fødd i 1911. Kva som gjer at me vert dei me er, ja, ikkje skal eg gje meg inn på diskusjonen om arv eller miljø, men det er så mykje som set oss saman og me kan ikkje gå upåverka gjennom livet. 


Trass alt det harde bestemor gjekk gjennom, var ho det vakraste og snillaste menneskje eg nokon gong kjem til å treffa. Eg veit eigentleg berre eit menneskje som er i nærheiten av å vera slik ho var. Dei som syner godhet, sjølv midt i vår travle kvardag, dei finns det ein del av. Men dei som er varme så det strålar av dei, dei er sjeldne. Og slik skal det nok vera. Dei skal minna oss andre på at me har noko å strekka oss etter...


Etter diktet kjem årsaka til at eg vart så sterkt minna på kvifor eg skreiv det.



I didn't see real sorrow

real pain
I didn't see the world
as really in vain
Before my Grandmother died

I never saw the need for love
nor the God's creation
I never saw for real Nature's
beautiful information
to my eyes
Before my Gran died

Never understood the importance
of really growing up
Never saw the beauty of the sunrise
from the gorgeous mountain top
Before my Grandmother died

I actually experienced it all
The mountains and the dew
As if all of them were given to me
By her, in soul I knew
That when my Grandmother died: 

She had given me life
and insight for me to keep
So that I can go to bed every night
and find my peaceful sleep
Cause my Gran never really died

And every morning I think of her
The one, unconditional to who I'll be
And I know that she every day
From heaven is able to see
That she never passed away

Cause she still lives in me!



Ikkje spør meg kvifor eg nokre gongar skriv på engelsk. Det berre er slik; at eg endrar uttrykk når det kjennes rett. 


I veka som var kom nokre uttrykk av seg sjølv. I tankeverda og kjensleverda. Eller kanskje det var inntrykk. Av og til glir dei over i kvarandre, desse -trykka, alt etter som kva ein gjer med dei.


På torsdag var eg på tur med dette andre menneskjet som er av same godheita som bestemor. Ho gjer inntrykk, men hadde i utgangspunktet ikkje noko å gjera med at dette innlegget vart til i kveld.


Men så fekk eg telefon frå huset i skogen fredag ettermiddag. Det var der bestemor budde, til tre dagar før ho døydde. For tjue år sidan i år.


Mor mi spurte om eg hadde vore der inne i veka. Som sant var, svara eg at "Nei, det har eg ikkje!" Det var ikkje her inne de var på tur torsdag då? "Nei, det var ein heilt annan plass! Kvifor spør du?"


Mor og far kom inn på fredag og då hadde det vore lys fleire stader og vifta på kjøkkenet stod på fullt. Elles var det ingen spor etter noko. Ikkje innbrot. Ikkje nokon som hadde lagd seg mat. Døra var låst og alt var på plass der det skulle. Og foreldra mine er særs nøye på å slukka etter seg.


Så hadde det seg slik at fleire i nærleiken spurt om dei kom tidleg denne veka. Dei undra kvifor og fekk til svar at det ved to høve hadde vorte lagt merke til at det brann lys i huset og rauk frå pipa på kvelden.


Me lurte på, både foreldra mine og eg, på korleis me skulle kunna finna rasjonelle forklaringar på dette, men fann ikkje anna enn spekulasjonar. Og dei vert som kjend ikkje meir enn...spekulasjonar.


Bestemor heitte altså Adelheid. Og kusina mi er oppkalla etter ho. Kusina mi har saman med sin kjære fått to gutar. Den eldste er fire år, min gudson, og han er kjenslevar og snill; han har nokre gener som minnar meg sterkt om bestemor mi. For han er alltid undrande og alltid smilande, dette varme ekte smilet som kjem frå sjela.




I dag sat han saman med mor si ved bordet:
"Mamma, kan du ôg høyra oldemor?" Han har sett bilete av ho, men det er lenge sidan.
"Kan du høyra ho då?"
"Ja!"
"Kva seier ho då?"
"Ho seier: -Eg er her!"


Ikkje er tankane rasjonelle og all fornuft seier at slik heng det sjølvsagt ikkje saman. Men på ein merkeleg måte betyr det absolutt ingenting. For det irrasjonelle i tanken om at dei gode sjelene framleis er med oss gjer meg glad. Eg treng ikkje forstå eller leita etter forklaringar. Eg treng berre smila over tanken. Så enkelt kan det faktisk vera. At dei små pussige tinga gjer meining, når dei absolutt ikkje gjer det!





lørdag 26. mars 2011

Forteljinga om Herlege Irma




Irma kom til verda i juli 2010. Mora er villkatt, utan at slikt finns. Det er det me kallar kattar utan heim. Men dei kjem alltid frå ein plass. Genetisk.

Mora er genetisk identisk med ein katt bestemor mi hadde då ho budde i Molvik. Og ho fører seg heilt likt.
På ein eller annen måte har nokre få generasjonar med kattar reprodusert identiske teikningar i mor til Irma og gjort ho varm i hjartet og raud, grå og brun i pelsen.

Og i august for vel eit halvt år sidan leverte ho fyrst ein raud katt på trappa til sommarhuset. Så leverte ho ein grå. Og til slutt kom ho berande med Irma etter tennene.

Foreldra mine og eg vart einige om at me måtte ta oss av kattungane, men la mora få vera mor ei stund, slik naturen krev og slik rett er. To veker seinare var alle kattunge borte.

Ei velmeinande kvinne hadde sete ut bur og fanga dei.
Fortvila fekk me til slutt håpet att. Kattane var levert til ei kattevernforeining i Bergen.
Hadde eg ikkje hatt ei sterkt ynskje om å halda denne bloggen positiv i forma, kunne eg sagt mykje om behandlinga dei gjev både kattar og menneskje. 
Men slik gjekk det til at den raude og den grå fekk nye heimar. 

Og Irma kom heim.
I dag er ho bevis på at genetiske spor vandrar langt.

Irma er fødd av ein norsk huskatt som har vakse opp i skogen.
Men genetisk er ho ein Heilag Birma med skilpaddemaske, blåe auge, den mukaste silkepels, "kvite sokkar" på sjokolade farga føter og ein hale så tjukk at katten verkar tynnare.

Men sidan genetiske avtrykk aldri går vidare heilt identisk frå den dei har sitt utspring i - kvar Birmagenene kjem frå kan ein berre spekulera i - så lyder ho namnet: 

Herlege Irma!