søndag 22. januar 2012

Den blå timen: Oppvakninga!


Det er vårt lodd i livet å takla årstidene. Med det er det ikkje sagt at alle taklar alle årstider like godt.

Me kan vera glad i alle årstider, men likevel takla dei ulikt.
Det ligg i naturen til menneskja at det er lettare å leva inderleg og med større glede når sola varmar og set i gang vitamin- og serotonin-produserande prosessar i oss.


Mot slutten av oktober endrar eg meg.
Det er som om kreftene varar kortare og restitusjonen treng meir tid for kvar dag.
Tankane og muskulaturen vert stivare og tyngre.

Og dei fleste av oss har det slik.
Me utfører det me må, me freistar finna på hyggelege ting for å setja glede til gråfargen som dett ned frå himmelen, meir eller mindre vertikalt.

Og så gjer me noko skrekkeleg dumt.
I staden for å kompensera for mangelen på lys og energi med å omgje oss med menneske som kan gje oss noko av det same, trekk me oss inn i oss sjølv.
Som bak ein rustning går me litt i dvale, bak eit skal som pakkar inn kvardagen.
Me gøymer oss litt.

Kanskje er det fordi me veit at det skal mindre til for å såra oss, gjera oss usikre, gjera oss slitne.

Av erfaring?

Så ventar me...


Me ventar oss gjennom november. Då ventar me på lysa og duftene som høyrer jula til.
Me ventar oss gjennom desember og tek ut litt ekstra krefter på å bli ferdig med alt me planlegg for at høgtida skal bli vellukka.
Me et oss gjennom jula som om me har fått to veker med trøyste-eting i gåve.
Så ventar me oss gjennom januar, me ventar på håpet, på denne eine dagen som skal setja i gang indre prosessar igjen, som skal frigjera energi.
Denne eine dagen då istappar smeltar i sola, som endeleg står høgt nok på himmelen til å frigjera den energien som skapar endring, energi overført til oss.

Me er som hjelperyttarane i Tour de France like før dei tek til på Pyreneane. Me undrar på om me atter eit år får spurta inn på Champs Elysee som nr 154 i samandraget, eller om kreftene tek slutt på vegen opp til Galibier.
Ein dag om gongen - ein etappe, ei stigning, ei kneik, ein kilometer, eit pedaltråkk....og kvile framfor neste dag.


Me ventar på at hud skal bli varm, at augene skal plira mot strålene og at det er tegn til forbetring.
At vinterdvalen skal sleppa taket.
Kvart menneske er om vinteren ein sart plante som treng dette ekstra sollyset for å starta vår eigen personlege fotosyntese; ein prosess der sollyset gjev nye krefter til å veksa.

Så kjem dagen då håpet vert tend....

Og me veit at det snart er vår; då me skal vera frigjort denne indre svevnen. Då rustningen skal av fordi me ikkje har så mykje redsle att å forsvara. Dei dagane som får oss til å bli sjølvgåande.


Oppvakninga!

Med kjensla av å vakna sakte, etter denne fyrste dagen av sol som varmar, vert eg mykje mindre oppteken av kven som vinn primærval i USA, om nordmenn er på pallen eller om Dagbladet sine forsider på ny har lågkarbonerte krigstypar.

Oppvakninga er fysisk, men frigjer den mentale energien eg har mangla.

God oppvakning til alle!

Det er tid for å komma ut no!



tirsdag 17. januar 2012

Søndagsmorgon i Hyde Park



På jobb på BETT i London Olympia for Scandec / Promethean.

I det eg går ut døra ringer klokkene i St Mary Abbot's for fyrste gong denne søndagen. Dei slår metallisk gjennom lufta, men i det lyden når meg høyres det ut som klokkene er pakka inn i eit tynt lag bomull.

To joggarar er nær ved å segna om. Den eine held seg knapt på beina nok til å passera og rundar meg med minste margin for å unngå kollisjon. Min frukost har nett landa i magen. Deira er allereie brukt opp på eit par mil asfalt og eg tenkjer at menneska har ulike syn på søndagsmorgonar.



Eg ruslar ut på Kensington High Street mot Hyde Park. Hentar meg ein latte på Caffe Nero, som er ein slags merkeleg behaldar med kontrastvæske i Borough of Kensington and Chelsea. Har du eigendom her, så har du og inntekt eller anna avksating som langt overstig det normale. Men på Caffe Nero ser det mest ut som ei varmestove for dei heimlause. Ei eldre dame utan tenner nippar til teen med leppene og to rustne herrar i loslitte parkassar spelar sjakk; Hurtigsjakk med klokke, som om dei har behov for å komme seg raskt ut i kulda att. Og han som servererer meg latten snakkar gebrokkent. Som alle andre som jobbar på cafear og restaurantar med italienske namn er han sjølvsagt aust-europear. Kontrastar og motsetnader ER London. Det er det som er så fascinerande med denne byen. Alt er i endring - alltid. Ingenting er det du ser. Og likevel har du alltid kjensla av at tempoet inni deg går ned og at du er trygg. Til og med ein laurdagskveld i ei bakgate i Covent Garden.


Ein søndagsmorgon i Hyde Park er òg ei verd av kontrastar. Sjølv i januar er parken nokså grøn. Hundeeigarar trur dei går tur med hundane, men i røynda er det motsett. Dei fleste hundeeigarane er så trøytte enno at det er hundane som går på tur med dei.
Di lenger inn mot midten av parken ein går, mot Round Pound, di mindre lyd høyrer ein frå trafikken. Difor trekker eg dit. Eg tek følgje med ein hund som er på tur med eigaren i band.
Eigaren er ein av desse som tener fett på papirflytting, men som ser ut som Bob Geldof på fylla fordi det gjev kontrast til alt det han eig. Eg spør om det finns noko historie bak parakittane i parken. I Hyde Park finns det - apropos kontrastar - nemleg nokre flokkar med grøne, skravlande munke-parakittar som ein gong må ha hatt ein heilt annan bakgrunn enn London. Det er mange som meiner at det starta med dei 14 Jimi Hendrix hadde i huset på Brooke Street i Hampstead Heath og det er denne historia hundeeigaren kjem med no.

Jimi sov ut rusen, visstnok òg ein søndagsmorgon i 1968. Dei fjorten parakittane laga leven, Jimi hadde nokre milde hallusinasjonar, det var søndag og han ville frelse parakittane frå den innestengde verda si og seg sjølv for lydane deira og opna ganske enkelt vindauga. Og dermed hadde den utandørs populasjonen i Hampstead Heath vakse med 14 individ på ein augneblink.

No har dei spreidd seg til Hyde Park og sidan flokkane likar å ha mykje rom rundt seg, har kirsebærtrea i Surrey ikkje gjeve store avlinga dei siste åra. Parakittane har faktisk vorte eit problem for mange fruktdyrkarar.

Geldof-kloninga og eg snakkar om den blinde hunden hans før me kjem inn på kunst. "Since you obviously like art, you should go and see this smashingly shocking exhibition in Piccadilly; you will have nightmares for a week after going there. I love it!"
Difor skil me veg, Geldof og eg. Me snakkar ikkje same språket lengre. Eg likar ikkje å oppsøka det groteske. Eg søker det vakre, seier adjø og rundar ned til Round Pound.


Den låge januarsola eldar opp aksa og får bogene i brua til å skina som om ein lysmester førebudde dei til sommarens store fest; dei olympiske leikane. Med same kontekst er London denne gongen heisekraner og stillas. Ingen kunne ana at hotellet eg bur på har fire stjerner, eller for den saks skyld at det er eit hotell, der det ligg gøymd bak kvit plast. Eg har tidlegare i veka fleipa med arbeidarane som pussar opp at det å kle inn husa til det ugjenkjennelege ville fungert bra som antiterror-tiltak føre OL. "Brilliant idea!" var svaret fylgt av ein hes latter. 

Eg vert blenda av lyset ein augneblink, ser vekk frå heisekranene i horisonten og rett inn i ei raudstrupe. Der og då verkar det som raudstrupa materialiserer seg i lysglimtet som blenda meg og eg tek til å tenkja på myta frå folketrua om at raudstrupa tek med seg elden frå himmelen. Enno ein kontrast. Eld og himmel er i seg sjølv mytologiske kontrastar. Og raudstrupa er så liten og venleg at det er lite som syner meg hennar mytologiske forklaring. Eg snakkar til ho. Raudstrupa svarar. Slik held me på ei lita stund, ho vrir på hovudet og er stille når eg er stille og kvitrar litt jammerleg når eg snakkar til ho. 
Her er det lite installasjon som sjokkerer og dermed nett det eg søker. Det enkle og det vakre. Ein nyfiken samtale om ingenting mellom ei raudstrupe og ein som syner ho interesse ein augneblink.



Eg sit på ein benk nede i dumpa ved Round Pound ein halvtime, studerer menneskja som har si stille stund denne morgonen. Nokre vil vera aleine, andre søker likesinna hundeeigarar eller andre med born. Ein familie på tre minner meg om turane med farmor då eg var liten, der målet var å bli kvitt litt brød og gjera endene glade.


I det eg reiser meg frå benken, kjem tre gjess flygande og minner på at London ligg sør i eit land som ligg sør for Noreg. Det er januar. Isnande morgonar i Sør-England kan framleis innehalda grøne plenar, nokre blomstrande hageplantar og gjess som stiller inn kompasset utan å reisa så langt av stad. Regent's kanskje?


Det eg likar best med januar er skuggene på slike solrike dagar. Sola står så lågt på himmelen at alt kastar lange skugger. Eg kan stå lange stunder og berre ta inn mentale bilete for å lagra dei. Tre, skugger, sol, røyrsle. Ein hund spring mot eigaren og gjev bileta liv; mentalt og verkeleg.


Hyde Park er leikegrind for mange ekorn og dei er fascinerande nærgåande om du byrjar å smatta og står i ro. Eg veit dei kan bera smitte, men kvar gong eg er i Hyde Park kan eg ikkje motstå freistinga det er å sjå om eg får eit av dei til å våga klatra på buksebeinet mitt. Og sjøvsagt skjer det.


Eg forlet raudstruper, ekorn, parakittar frå ein tilsvarande morgon i 1968 (kanskje nokre er dei same som den gongen?), eksentriske hundeeigarar og joggarar og trer ut av treskuggene. Er attende på Kensington High Street. Tiltakande trekk gjer det ikkje spesielt kaldt, sidan det er tørt og eg undrar på korleis veret er heime.

Eg hentar den overfylte kofferten på det innpakka hotellet, tek ein taxi over til Victoria Station for å ta Gatwick Express som neste etappe på heimreisa. I det eg kjem ut av heisdøra på perrongen kolliderer eg med ei gul jakke. Jakka har ein eigar med eit smil som varmar nok til at januar vert til vår, heiter Mairi med Mac i etternamnet og bekrefter sitt skotske opphav i det ho opnar munnen for å presentera seg. Og dermed bekrefter ho at eg alltid kolliderer med nokon i London. Og at dei alltid er hyggelege menneske.


Samtalen med Mairi er ein av dei mest behagelege eg har hatt på lenge, sjølv om eg har hatt mange fine samtalar med gode, nære menneske. Det er kanskje det at det overraskar meg like mykje kvar gong eg pratar med nokon ein aldri før har møtt og det kjennes som det mest naturlege i verda.
Med forseinkingar på toget varer samtalen i nøyaktig ein time, før skilta på Gatwick seier at ho skal til North Terminal og eg til South. Morgonen av kontrastar er komplett. Ho skal frå North terminal sydover til Marseille, der ho jobbar som produktutviklar for nettløysingar, eg skal frå South Terminal til Noreg. Eg synes ein augneblink at det er urettvist at det er eg som skal nordover. Då eg landar på eit Flesland innhylla i tåke, med fukt som trekk inn under kleda og gjer minus 2 til ei kjensle av minus 20, kjenner eg meg sikker på at eg skulle vore ein annan stad og brukar turen heim i bil til å drøyma meg til låg sol i Luberonfjella.

Men så kjem eg heim, vert møtt av to unge kattar som har sakna og når dei etter ei stund trippar på magen min og malar sine gledesviser i varmen frå peiselden, tenkjer eg at nord ikkje var så verst denne gongen heller.



mandag 2. januar 2012

FRAMSNAKK

~ 2012 ~

Eg har lurt på korleis eg skulle skriva ei nyårshelsing her på bloggen.
Det er ikkje alltid like enkelt å finna dei orda ein vil.

Og det er ikkje alltid slik at eins eigne ord er dei beste.

- Sunniva og Siggen på Moster, sommaren 2011.
Glade i livet, begge to...(Illustrasjonsfoto: Lars Persen)

Så sjølv om biletet er mitt, vil eg bruka ein annan blogg til å ynskja alle godt nytt år; ubrukt med fargestiftar til.

Ina skriv og skildrar så utruleg varmt og godt. Og i den offentlege samtalen OM den offentlege samtalen - om korleis nettet best bør brukast - vil eg framsnakka Ina.

Ina er ei ung jente som diverre fekk oppleve noko ingen burde oppleve, men samstundes fekk ho oppleve å halde fram livet, noko ikkje alle fekk.

Så Ina sin blogg er for meg ein hyllest til livet på ein mykje betre måte enn eg kunne skrive sjølv.

Takk, Ina, for dine ord og at du gir oss trua på det gode mennesket, på same måte som møtet ditt med den narkomane på Oslo S gav deg den trua.  Me lever i ei tid då det er viktig å tru at me har det gode i oss, og me treng alle hjelp til å halda på det gode og få det fram, til glede for andre. Det du eig aleine blir ikkje så stort som det du deler med andre.

Takk, Ina, for at du deler med oss,

Og takk for at du minner oss på dette dyrebare livet.

Godt nytt år!

















torsdag 29. desember 2011

Retrospekt: Sommar versjon 4 - Fair Isle


Først som sist: Fair Isle er ei perle av ei øy.

Den ligg ganske nøyaktig 25 sjømil sør for Shetland og 25 sjømil nord for Orknøyane.
For dei som vil rekna om i kilometer så er ei sjømil 1.852 meter.

Øya er knappe 5 km lang frå nord til sør og på det meste 3 km brei.
Ikkje akkurat ei øy å gå seg bort på. Men det er fullt mogeleg.
Vèret er ustabilt og er det stille kan Fair Isle vera innhylla i tåke, og det å bevega seg på klippekantane i tåke er ikkje ufarleg. Som oftast er det vind.
Mykje vind.


Eg gjekk om bord i eit lite to-motors propellfly med plass til fem passasjerar på Thingwall, Tingstaden.
Flyturen ut var fantastisk. Vakkert vèr, stille og piloten seier: "Me tar oss god tid, for det er meld spekkhoggarar litt vest om den faste ruta vår!"


Ingen spekkhoggarar å sjå, men flyturen ut er likefullt ei oppleving.
Fair Isle møter deg smaragdgrøn i havet. Opprivne klippar skil det grøne og det blå.
Southern Lighthouse

Fair Isle Bird Observatory

Å lande på Fair Isle er i seg sjølv ei oppleving. Det finns ikkje ei lang nok strekning på øya til at ei flystripe kan vera i vater, så flystripa heller 15 grader i lengderetninga. Sanden frå flystripa står opp og innhyllar flykroppen ei stund, før motorane vert slått av. Brannvesenet står klar ved det vesle skuret kvar gong eit fly landar. Brannvesenet er ein bonde og den lokale kjøpmannen / elektrikaren / bilreparatøren (i ein person).
Inga skumlegging denne gongen og David frå Fugleobservatoriet ventar på meg.

Adam merkar ein fugl før fuglen får fridomen attende.

Fugleobservatoriet er "sentrum" på Fair Isle. Halve befolkninga helt til her. Forskarar frå Storbrittania, men og Sverige, Tyskland og USA, er her denne sommarsesongen, som varer frå tidlig i april til midt i oktober. Då er trekka av fuglar mellom nord og sør ferdig og for vinteren er befolkninga halvert.

Formålet til Fugleobservatoriet er å overvaka, merka og halda oversikt over bestandane av fugl som besøker øya. Slike observatorier er på mange måtar sjølve målestokken på helsa til jorda; luftstraumar, temperatur og mattilgongen i havet.

Det nye fugleobservatoriet vart opna på tomta til det gamle i mai 2011 og er verkeleg eit fint bygg å bruka som base nokre dagar. Flotte soverom som er tette. På det gamle var du heldig om det ikkje blas, for stormen gjekk godt gjennom veggen.

Ein seglbåt tek stopp i North Haven på veg frå Shetland til Orknøyane.


Eg pakkar ut, ruslar ut på Buness og sit meg til i reirområdet til lundefuglane. Etter å ha besøkt nokre hekkeområde på Shetland har eg funne løysinga på korleis eg skal få gode bilete. Hekkeområda ligg svært ofte på toppen av klippar, i sandgrunn. Lundefuglen grev holer i sanden, gjerne mellom steinar som fungerer som veggar. Eg finn meg eit område der det er lite aktivitet, for det tyder at svært mange fugl frå området er ute på matauk (dei kan flyga nokre mil ut i havet). Der sit eg og ventar. Nokre gongar går det eit minutt eller tre. Andre gongar går det ein halvtime. Så, plutseleg kjem fleire lundefuglar inn med mat. Dei som har reir nærmast der eg sit landar berre nokre meter unna og lurar på korleis det skal komma forbi meg og inn i reiret. Då gjer eg meg sjølv omlag eit minutt til å ta bilete. Lengre vil eg ikkje halda fuglane unna reiret. Så trekk eg meg roleg attende bakover.


Nede i nordhamna treff eg at to kjenningar; mangemillionæren Mick frå Guernsey og hans kompanjong, den pensjonerte sjømannen Dominic, med ei strupe som låter som tåkehornet ved Northern Lighthouse. Eg blei sitjande og prata med dei på kaia i Lerwick ein time nokre dagar tidlegare. Dei hadde henta ein rib-båt (gummibåt med kevlar-isolering) i Lofoten etter eit slags britisk Arctic Challenge og var no på veg tilbake til Guernsey og skulle vidare nedover Irskesjøen. Dei innsåg gjerne idiotiet i å reisa frå Lofoten til Måløy og så vidare til Shetland i ein 17 fot lang gummibåt med 240 HK. Men så vidt eg veit, lever dei begge enno.

Døme på kor lukkelege menneskje kan bli om dei kler seg i overevingsdrakter.

Mick seier eg må vera på plass klokka 18 og ta med meg nokre av dei som jobbar på Observatoriet. Men då er det  middagstid, så me avtaler ein time seinare. Då er det på med overlevingsdraktene og ut i sjøen. Det er kanskje ikkje særleg effektivt, men ganske morosamt å spela vasspolo i bølgjene med overlevingsdrakt.

Deretter ber det ut i vest, til solnedgong, havsuler og lundefuglar. 240 HK, ein 17 fots båt, fire meter høge bølgjer på Atlanterhavsida er ein herleg kombinasjon. Og å reisa inn i dei store holene i klippane i vest er ei oppleving for sjela. All lyd vært oppfatta som om "mute"-knappen er trykt inn, svake soltråler slepp inn gjennom mørkret. Brått flyg noko flaksande rett over hovudet på deg.



Dagen etter går eg på tur. Målet er å sjå heile øya på ein dag. Nordsida før lunsj, sørsida etter lunsj.

Oppe på Furse treff eg Teresa. Ho har si totimars-vakt. Dei har eit døgns måling av lundefuglreira på Furse. Dei markerer 20 reir med raude vimplar med tal på, så sit dei og ser når lundefuglane kjem inn med mat og noterer ned kva slags mat og kor mykje. Det høyres litt keisamt ut, men ikkje i slik natur. Her er utsikta ein del av hjartet.


På veg mot Wirvie går eg langs kanten på klippene. Ei nokså overvektig amerikansk dame går litt lengre inn, ho er redd for høgder. Ho vitjar staden der slekta ein gong kom frå.
Ein storjo står like ved klippekanten. At storjoen ofte angrip har eg ublidt fått erfare fleire gongar. Eg tek sjansen.
Eg snakkar roleg til storjoen, sit meg ein meter nærare, ein meter til. Til slutt sit eg og pratar til storjoen frå to meters avstand og slik sit me der i eit par minuttar.
Den amerikanske dama ropar: "Where on earth did you learn to do that?" Eg hysjar på ho. Most certainly not in Los Angeles, tenkjer eg.


Det er ganske stille inne i vika som leier inn til North Haven.
Mannskapet på ei seglskute er ute i gummibåtar.



Oppe ved Northern Lighthouse bles det meir. For øvrig finns det ein kriminalroman, skriven av Ann Cleves, der heile handlinga er lagd til dette fyrhuset på klippekanten. Så får ein heller sjå bort i frå at namn er endra og at ho skriv at det er her fuglestasjonen ligg.


Eg ruslar ut på klippe-"øya" utanfor fyret. Her har sjø og vind vaska ut sidene og det er nesten berre rekkverket som er murt opp som held utstikkaren fast til resten av øya. Det er magisk å forestilla seg lyden av tåkehornet i tjukk tåke. Duren. Trykket.


 

Vest for Fair Isle ligg The Cathedral. Katedralen ser ut som akkurat det namnet seier. Ein katedral. Ei lita klippeøy med bratte veggar, spir og eit kvitt tak. Ikkje at eg har så veldig lyst å klatre på taket. Det kvite er havsuler og all skiten deira. Kjem ein nær katedralen luktar det verkeleg vondt. Ein heim for havsulene, men ikkje særleg heimekjærleg i full storm og full stank.

Katedralen sett frå Northern Lighthouse

Det bles opp enno meir, vinden kjem frå nordaust, og eg forlet Northern Lighthouse.
Det er mange ulike menneskje som besøker Fair Isle. Nokre, som den amerikanske dama, leitar opp sin eigen bakgrunn frå den gongen øya hadde 300 innbyggarar som livnærte seg på sine 'crofts'.
Andre kjem for minnene. BBC-korrespondenten som har levd dei siste 7 åra i Kabul og Bagdad kom med far sin, som var marinedykkar etter 2. verdskrigen. Andre igjen rømte frå det travle livet i Glasgow eller London. Som den eksentriske mannen eg slo fylgje med over til Ward Hill. Han er jurist, fotograf og mangemilliardær: "Nowadays I just go to the club for lunch and try to avoid to lose more money!" Britisk utan tvil, der han går i ein parkass, eit grønt skjerf og hornbriller.

På utsida av Ward Hill fann me ei skjæring der han passa på medan eg gjekk ned dei 700 metra til havet.
Diverre var selane då fordufta, noko som kan skylda all laussteinen eg trakka ut og som raste ned skjæringa. Men eg kom no både ned og opp att og fekk teke nokre bilete. Her tok eg eit av dei finaste bileta eg har teke av lundefugl. Den molefunkne som ser ut som han har kjærleikssorg.



Etter lunsj bar det sørover øya.
Skilnaden på sør og nord er stor. På nordsida er det kun bratte klippar og heier. Ingen bur der. Alle dei 60 som bur på øya no bur anten på fugleobservatoriet eller på gardar på sørsida.


På heiene ved Gilsetter går eg rett på ein storjounge. Han er allereie ganske stor, sjølv om han nok ikkje er meir enn eit par dagar. Mora kjem flygande og eg får nok ei oppleving med storjoen si angripslyst. Ho skrik for kvar gong ho tek retning hovudet mitt. Eg sit ein kjepp ned i nakken og ryggen og lua mi på toppen av kjeppen. Så fotograferer eg. Den meteren av kjeppen som stikke opp mellom hovudet mitt og lua fungerer særs godt som storjo-vern nett då.



Området mellom Gilsetter og Vaasetter er fantastisk og eg bruker god tid. Så mykje ulike fuglar. Eg har aldri vore så interessert i å bruke mykje tid på å studera desse dyra, men då eg kjem over ein star-koloni vert eg så fascinert at eg sit meg ned og studerer mora som matar ungane i ein time. Ho er litt frustrert over at eg er der, men held ufortrødent fram.



Eg ruslar vegen vidare sørover, forbi ein gut som øvelseskjører traktor med verdas stoltaste smil, forbi den lokale kyrkja og forbi ein hund som trekkjer ei lenke etter seg for å senka farten. Fridomen slår meg som absolutt her på øya, men så tenkjer eg på vinterstormane og ombestemmer meg. Fridomen om sommaren er total på Fair Isle.




Eg stikk innom ei kvinne frå New York og familien. Eg hadde møtt ho på flyet til øya. Ho fortalde at ho og mannen hadde kome frå USA for å lage film for ein tv-stasjon. Og blei verande som naturfilmprodusentar og sauebønder.

Fair Isle er kjend for kvalitetsull og strikkemønstre. Det har vore livsvegen for øya i mange generasjonar.


Eg rekk akkurat ein kopp te hjå fantastisk vertskap på Southern Lighthouse før eg må tilbake til fugleobservatoriet for middag og open bar. Dei lokale kjem dit for å ta ein øl.

Neste dag er det arbeidsdag. Båten kjem frå Shetland med forsyningar. Det er få dagar til Tall Ships kjem forbi og dei reknar med at mange båtar kjem til å legga til i hamna.


Når båten kjem, minner det meg om då dampen kom inn fjorden på fredagane her heime. Folk samlra seg på kaia for posten. Nokre får pakker. Ei ku blir heist på land. Og til Tall Ships: 4000 liter øl og cider.

Siste kvelden på øya er for ettertanken.
Eg vil ikkje reisa, samstundes som eg må.
Dette er det næraste eg har kome til utkanten av verda, samstundes som verda er så nær.
Det er ei verd med lange horisontar, men utan noko som helst av langsiktige tankar, korkje framover eller bakover. Det er ei enkel verd å leva i.

Og lundefuglane på Buness strevar ufortrødent vidare i sine søk etter mat ute i havet.







Så går sola ned i vest og månen står opp over South Haven.