søndag 19. juni 2011

Ein månad

Kva gjer ein bloggar som har unnlete å blogga på ein månad?

Han ber om orsaking og freistar oppsummera:

Alt skulle vera på geledd.
Mykje jobb i juni med timeplanlegging.
Opning av fotoutstilling i dag, med song til.
Ferie frå 1. juli.
Shetland og Orknøyene.
Boble-liv med musical frå 20. juli til godt uti august.

Så kom bomba.

Huseigarane skal pussa opp og eg får oppseiing.
Så midt i dette flyttar eg til Molvik, tek det i god bruk at, pussar opp og gler meg over det.
Men kjensla av kaos har vore til stades.

Så kva har eg basert (overlevd) den siste månaden på?

Svaret er enkelt:

Dei gode menneskja!

Gjennom gode samtalar, fotoklubb og vener på besøk i Molvik, musical-øving, gode kolleger, familie, fisketur med Knut og 11 ørret i båten, klemmar, gode ord, kjensla av å vera til blant dei gode og det gode!

Takk til alle som har vore der denne månaden!