mandag 25. april 2011

Raud hettegensar, Peter Gabriel og baconomelett

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)


Påska 2011 har vore herleg. Eg har kjend på at fridomen i det som ikkje er planlagd gjer at ein sit att med gode minner og meir energi enn for 10 dagar sidan. Det spontane


Middag med fetter Erik og Joanne på Askøy, tommel opp og Bouillabaisse i varmt vårvêr med Ane i byen, to turar på Åsheimveten, barnedåp på Hosanger for vesle Jakob, Husdalsfjellet i shorts, tur over Vidden fra Fløien til Ulriken med Hulda og middag og solefall etterpå, plantar som veks på verandaen, ostekake og fossefall i Modalen og innimellom Molvik: klargjering av grønsaksåkeren, humlejakt, stille stund under eit tre i skogen, Irma i kløktig jakt, fantastisk hjortegryte og god vin, fyr i peisen når kvelden kjølnar. For ikkje å snakka om gode fotografiske augneblinkar.


Så har eg og funne fram til plassar eg vil vitja på Shetland og Orknøyane, leita etter eit godt kloster eg kan bu i for ei veke i oktober og elles løyst ei mengd med quiz'ar og sudokuar.


Alt i livet ligg framfor oss, for det bakom oss er minner. Men framtida vert bygd på kjenslene i dag, som gode byggesteinar.


No sit eg i raud hettegensar, et baconomelett, lyttar til Peter Gabriel og tenkjer på gode byggesteinar frå den siste veka.








































mandag 18. april 2011

I kveld




I kveld...

Teke med 300 mm teleobjektiv, kl 23:25, 11. april.
Tid: 1:2500dels sekund.

Så sterkt er månelyset i eit teleobjektiv.

Så i kveld hyler eg mot månen!








Fargelagt dokumentasjon av tid som står stille

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)













Dagen i dag har vore saliggjerande for kropp og sjel. 

Når spyling på verandaen og planting er ferdig for no,
 tek eg våren i bruk.













Eg vil bruka han til å 
vaska sjela etter vinteren.













Dagslyset er skarpt som lufta og opnar opp 
det som har vore lukka innvendig.













Du ser det på menneskja kring deg, gjer du ikkje?














Eg gjer! 
Og eg gler meg!













Og så gler eg meg over fargane!



Bilete er eit augne-blink, tid som står 






stille 

Dette er tid som står stille...

...ein aprildag på verandaen, nokre sekundar av 2011.













Vårens fargar!



Doku-
menta-
sjon
av
tida



som 
står 


stille, 
stille,
stille.














"...winter is over, 
summer is near; 
are we stronger than we believe?"


Frå 
"Narrow Daylight"
av Diana Krall



Og;
dokumentasjon over 
starten 
på noko nytt! 


God påske!
GOD VÅR!