Om meg

Sjelfull, inderleg, drøymande, søkjande og rastlaus.
Når me blir bedne om å beskriva oss sjølve vert det ofte noko om kva me har gjort og kva me jobbar med.
Eg er fyrst og fremst menneskje!

Eg likar Peter Gabriel, doggfriskt sumargras, høge fjellovergonger, stille fjord, varme ord, små landsbyar i Italia eller sletter i Serbia, møter med meining og god latte. Og den djupe samtalen.

Og eg likar å fotografera og skriva. Difor er eg her. For å dela det siste med deg!