onsdag 30. mars 2011

Bladrik grein


Eg fekk ein god grunn til å finna fram att mitt favorittdikt i dag, skrive av Halldis Moren Vesaas: Bladrik grein




Eit nytt hjarte – er det så rart? 
Det får vi da rett som det er! 
Det får vi kvar gang vi møter 
ein som vi rett får kjær. 
Da brest det fram i vår bringe 
under hans varme ord 
eit hjarte til, som er berre for han 
og vil han alt godt på jord.
Slik veks vi med hjarte ved hjarte 
som greina med blad kvar vår, 
meir inderleg fast til livsens tre
for kvart eit nytt som vi får. 
Det svid til mergen når eitt av dei blir 
i utide rykt frå si kvist. 
Eg veit ikkje kva for eit av mine 
eg nødig ville ha mist. -
Å jo, dette leande, store, som gløder 
For deg, venn, må losne sist!

Halldis Moren Vesaas

Bilete er henta frå Sardinia i oktober 2010. 
Copyright: Lars Persen


tirsdag 29. mars 2011

Dank U, mijn Vrienden!




For snart to år sidan kom eg aleine til Madeira, nærare bestemt til Funchal. Eg såg fram til ein varm og god ferie, men ikkje for varm, så eg drog ut i havet. Vel framme på hotellet tok eg turen rett opp på taket til bassenget. Der sat eit par som vinka og sa "Hello! We are Marlies and Michel. Come and play yatzy with us and have a beer!" Snakk om direkte helsing til ein ukjend. Så me held saman som erter-ris til dei
reiste heim fire dagar seinare. Dei er av dei trivelegaste menneskja eg har møtt. Utan tvil. Og me bestemte oss for å halda kontakten.


8 månader seinare reiste eg til Groningen på besøk. Eg må innrømme at eg aldri kunne budd i Nederland. Det er så flatt og grått at eg kjenner meg rik som er frå eit land med fjordar, fjell og nok plass. Men menneskja er det noko med. Dei inviterer. Dei er som Marlies og Michel. Men M and M er for meg heilt spesielle og bursdagspresangen deira til meg i fjor var billettar til skøyte-VM i Heerenveen. Aldri har eg vel opplevd makan til kaotisk idrettsarrangement. Det var ein fest med skøyteløp til, ikkje omvendt. Og så fantastisk å få oppleva. Hornorkester, øl, smil, song, avskil med store skøyteløparar som gjekk sine site løp og borna deira som gjekk sine fyrste mot kvarandre, Wendy som kom rett bort til meg og måla flagg i andletet mitt. Og om me har ulike vaner og syn på kva som er sunt i livet, så blir venskap styrka av gode felles opplevingar.


Så har eit år gått utan at me har sett kverandre. Det er ei veke sidan eg vart eit år eldre enn sist. Og posten leverer ikkje alltid i tide. Men då eg kom heim i dag, låg denne i postkassen. Eg vart mållaus. For aldri har eg fått eit sjokogram før. Eg ante knapt at dei fanns. Men det gjer dei altså.


Og det gjer òg verkelege, sterke, inderlege og oppfinnsame vener.

Dank U, mijn Vrienden!














mandag 28. mars 2011

Forteljinga om ein liten gut og eit godt minne



For fire-fem år sidan skreiv eg dette diktet til bestemor. Adelheid, heitte ho, og vart fødd i 1911. Kva som gjer at me vert dei me er, ja, ikkje skal eg gje meg inn på diskusjonen om arv eller miljø, men det er så mykje som set oss saman og me kan ikkje gå upåverka gjennom livet. 


Trass alt det harde bestemor gjekk gjennom, var ho det vakraste og snillaste menneskje eg nokon gong kjem til å treffa. Eg veit eigentleg berre eit menneskje som er i nærheiten av å vera slik ho var. Dei som syner godhet, sjølv midt i vår travle kvardag, dei finns det ein del av. Men dei som er varme så det strålar av dei, dei er sjeldne. Og slik skal det nok vera. Dei skal minna oss andre på at me har noko å strekka oss etter...


Etter diktet kjem årsaka til at eg vart så sterkt minna på kvifor eg skreiv det.



I didn't see real sorrow

real pain
I didn't see the world
as really in vain
Before my Grandmother died

I never saw the need for love
nor the God's creation
I never saw for real Nature's
beautiful information
to my eyes
Before my Gran died

Never understood the importance
of really growing up
Never saw the beauty of the sunrise
from the gorgeous mountain top
Before my Grandmother died

I actually experienced it all
The mountains and the dew
As if all of them were given to me
By her, in soul I knew
That when my Grandmother died: 

She had given me life
and insight for me to keep
So that I can go to bed every night
and find my peaceful sleep
Cause my Gran never really died

And every morning I think of her
The one, unconditional to who I'll be
And I know that she every day
From heaven is able to see
That she never passed away

Cause she still lives in me!



Ikkje spør meg kvifor eg nokre gongar skriv på engelsk. Det berre er slik; at eg endrar uttrykk når det kjennes rett. 


I veka som var kom nokre uttrykk av seg sjølv. I tankeverda og kjensleverda. Eller kanskje det var inntrykk. Av og til glir dei over i kvarandre, desse -trykka, alt etter som kva ein gjer med dei.


På torsdag var eg på tur med dette andre menneskjet som er av same godheita som bestemor. Ho gjer inntrykk, men hadde i utgangspunktet ikkje noko å gjera med at dette innlegget vart til i kveld.


Men så fekk eg telefon frå huset i skogen fredag ettermiddag. Det var der bestemor budde, til tre dagar før ho døydde. For tjue år sidan i år.


Mor mi spurte om eg hadde vore der inne i veka. Som sant var, svara eg at "Nei, det har eg ikkje!" Det var ikkje her inne de var på tur torsdag då? "Nei, det var ein heilt annan plass! Kvifor spør du?"


Mor og far kom inn på fredag og då hadde det vore lys fleire stader og vifta på kjøkkenet stod på fullt. Elles var det ingen spor etter noko. Ikkje innbrot. Ikkje nokon som hadde lagd seg mat. Døra var låst og alt var på plass der det skulle. Og foreldra mine er særs nøye på å slukka etter seg.


Så hadde det seg slik at fleire i nærleiken spurt om dei kom tidleg denne veka. Dei undra kvifor og fekk til svar at det ved to høve hadde vorte lagt merke til at det brann lys i huset og rauk frå pipa på kvelden.


Me lurte på, både foreldra mine og eg, på korleis me skulle kunna finna rasjonelle forklaringar på dette, men fann ikkje anna enn spekulasjonar. Og dei vert som kjend ikkje meir enn...spekulasjonar.


Bestemor heitte altså Adelheid. Og kusina mi er oppkalla etter ho. Kusina mi har saman med sin kjære fått to gutar. Den eldste er fire år, min gudson, og han er kjenslevar og snill; han har nokre gener som minnar meg sterkt om bestemor mi. For han er alltid undrande og alltid smilande, dette varme ekte smilet som kjem frå sjela.




I dag sat han saman med mor si ved bordet:
"Mamma, kan du ôg høyra oldemor?" Han har sett bilete av ho, men det er lenge sidan.
"Kan du høyra ho då?"
"Ja!"
"Kva seier ho då?"
"Ho seier: -Eg er her!"


Ikkje er tankane rasjonelle og all fornuft seier at slik heng det sjølvsagt ikkje saman. Men på ein merkeleg måte betyr det absolutt ingenting. For det irrasjonelle i tanken om at dei gode sjelene framleis er med oss gjer meg glad. Eg treng ikkje forstå eller leita etter forklaringar. Eg treng berre smila over tanken. Så enkelt kan det faktisk vera. At dei små pussige tinga gjer meining, når dei absolutt ikkje gjer det!





lørdag 26. mars 2011

Forteljinga om Herlege Irma




Irma kom til verda i juli 2010. Mora er villkatt, utan at slikt finns. Det er det me kallar kattar utan heim. Men dei kjem alltid frå ein plass. Genetisk.

Mora er genetisk identisk med ein katt bestemor mi hadde då ho budde i Molvik. Og ho fører seg heilt likt.
På ein eller annen måte har nokre få generasjonar med kattar reprodusert identiske teikningar i mor til Irma og gjort ho varm i hjartet og raud, grå og brun i pelsen.

Og i august for vel eit halvt år sidan leverte ho fyrst ein raud katt på trappa til sommarhuset. Så leverte ho ein grå. Og til slutt kom ho berande med Irma etter tennene.

Foreldra mine og eg vart einige om at me måtte ta oss av kattungane, men la mora få vera mor ei stund, slik naturen krev og slik rett er. To veker seinare var alle kattunge borte.

Ei velmeinande kvinne hadde sete ut bur og fanga dei.
Fortvila fekk me til slutt håpet att. Kattane var levert til ei kattevernforeining i Bergen.
Hadde eg ikkje hatt ei sterkt ynskje om å halda denne bloggen positiv i forma, kunne eg sagt mykje om behandlinga dei gjev både kattar og menneskje. 
Men slik gjekk det til at den raude og den grå fekk nye heimar. 

Og Irma kom heim.
I dag er ho bevis på at genetiske spor vandrar langt.

Irma er fødd av ein norsk huskatt som har vakse opp i skogen.
Men genetisk er ho ein Heilag Birma med skilpaddemaske, blåe auge, den mukaste silkepels, "kvite sokkar" på sjokolade farga føter og ein hale så tjukk at katten verkar tynnare.

Men sidan genetiske avtrykk aldri går vidare heilt identisk frå den dei har sitt utspring i - kvar Birmagenene kjem frå kan ein berre spekulera i - så lyder ho namnet: 

Herlege Irma!





Laurdagsforteljingar frå Mobryggja

Vårsol!

Brått endrar andleta seg. Du merkar det sikkert sjølv. Korleis dei små musklane og senene som har stramma seg over augene eller framfor øyrene i over 5 månader gradvis strekkjer seg og du kjenner at andletet glir ut i si opprinnelege form.

Slik kjendes det denne laurdagen på Mobryggja. Med venleik og vårsol og gode menneskje blir slike dagar til inntrykk. Gode inntrykk.


~




 
Trivelige danskar og ein stor hjarteleg islandsk familie med norsk fotograf. Slikt vert det nordisk forbrødring av. Med sola som vert...


Sola tek fram gleda over å dela. Og for dei to som er nøydde til å tapa er sigeren til kun den eine mindre viktig når varmen spreier seg med sola som stig over fjellkammen.


Gully og Egill har opne armar og byr verda på besøk. 


Og Birnir kjem ut frå kjøkkenet for å vera god far som let liten mann bevega seg på bryggjekanten.


Inne spreier lyset seg gjennom dei store vindaugene og byr mjukt underlag til setemusklane.


Kunsten på veggane er til å studera - eller kvila augene på....


Kunstuttrykka er mange!


Nokre kunstuttrykk filtrerer lyset så vakkert at det mest kjennes sakralt på Mobryggja.
Andre er heilt naturlege.


Du får servert mykje stemning, både gjennom mat, blomar, lys og kunst på Mobryggja.
Resten hentar du inni deg sjølv.


Detaljane glir godt i kvarandre og skapar heilskap når lyset er i brytninga mellom vinter og vår.


Friske tulipanar på borda - og kunst-, reise- og matbøker for ein kvar smak finns overalt. Du har ingen hast med å komma derifrå. Kvifor har me eigentleg så hast med alt som ikkje er viktig i livet?


Humla frå ein morgontime i Nida heng no på veggen i galleriet på Mobryggja. Ei veke til.
Ho får vera uttrykk for arbeidet som ligg bak og stoltheten som kjem etter det å ha klart å få til denne utstillinga: Fotografiske forteljingar.

For øvrig kjem det serie med bilete og tekst henta frå utstilllinga her i bloggen den neste tida.


Til sist sløkkjer me lysa. Og Mobryggja ynskjer velkommen att i morgon.
Til ein ny vårdag.

~


Besøk Mobryggja på nett.




fredag 25. mars 2011

Til ein inderleg ven






”Håp” er skrive med fjør i sand -
Den pirkar i sinnet inn;
Og syng i tonar utan ord -
Med taktfull hjelp frå vind;

Og vakrast – i stormen – det ord er høyrt -
Om sårt forliset er!
Så hardt blas vinden fugl til ende  -
Eit vindkast til besvær!

Eg har kjent vinden i kaldaste land -
Men der høyrt ”Håp!” som opna mi dør:
I hjarte er også eg ein fugl !
Ein gong skal eg missa mi fjør!

Til då skal vindkast prega meg
Utan at fjøra fell av
For eg skal flyga lenge, eg;
Innan eg  finn mi grav!

Å skriva ”Håp!” med fjør i sand
Gjer livsens kall til dikt:
Å leva heilt og fullt i vind -
Det er mi einaste, heilage plikt!

~

Gjendikting av Emily Dickinson sitt dikt 
”Hope – is the thing with feathers” frå 1861.


I samband med mi fyrste fotoutstilling har eg trykt eit hefte med eigne anekdoter, reiseskildringar og gjendiktingar. Dette var ei av desse gjendiktingane. Og eg ville publisera ho her fordi ho gjev meining for meg... og for andre!



Foto: Copyright - Lars Persen 2011








Den internasjonale vaffeldagen (Say no more!)




Fredag! Det finns vakrare ord, men fredag er liksom med der oppe....blant dei gode. Som kjærleik, omsorg, venleik og heimelaga betasuppe. 


Fredag! Fredag 25. mars. Den internasjonale vaffeldagen. Som om eg visste det var noko som bar slikt eit namn?


For to dagar sidan var det Verdas vatndag. Javel, slikt har eg fått med meg, og om eg ikkje visste det så kunne eg ikkje ha unngått at det vart sett nedbørsrekordar fleire stader i Hordaland på nett Verdas vatndag.


I morgon gjev me oss mørkre i vald, gjev elektrisiteten permisjon og markerer Earth Hour.


Primstaven synes Maria Bodskapsdag. Og på ein slik dag er det altså noko så kuriøst som den internasjonale vaffeldagen! Så har eg altså lært det og. I dag kom vaflane med glede. Neste år, kjære kolleger, er det ein tradisjon. 


Takk for vaflane!



torsdag 24. mars 2011

Fødselshjelp




40 veker er eit svangerskap. Det byrjar å kjennast som om den tida er brukt, at vinteren varte lenge i år.

Kanskje ikkje heile 40 veker, men finns det ikkje grenser for kor lenge det er tillete med snø? I kveld fekk våren fødselshjelp. Ein god ven tok meg med på tur og varmen frå venskapen og den gode sjela, frå snøklokkene og frå den milde lufta vel nede frå snødrevet på Håøytoppen - alt fungerte som god fødselshjelp. 


Våren er på veg ut og det gler ei ventande sjel. Våren føder nye tankar, ny vilje. Våren føder sjela, som blomane....


Det byrjar å nærma seg at krukker skal plantast i på verandaen. Og av det som har overvintra er både akeleier, kornblomar, keisarkruner og andre stauder i god spir.


Og så tok eg, etter tips frå min gode turvèn, turen innom bloggen til Patinadamene på Evanger og fann ut at eg skulle få endå litt meir fødselshjelp i kveld. Så med håpet som ligg i våren, som ligg i at alt skal fødast ein gong til:


O, vakre spontane jord!
Kor ofte?
Kor ofte har ikkje
Dei peikande fingrane
Til uforståelege filosofar
Halde deg fram mot menneska?
Kor ofte har ikkje
Den trykkande tommelen
Til vitskapen
Grave opp din venleik?
Kor ofte har ikkje
Religionane teke deg til inntekt
Og rugga deg i sitt konforme fang
For at du skulle bekrefta deira gudar?
Kor ofte har ikkje politikken
Brukt deg som argument
For framtidsretta babelsk vekst
Og spurt om du tåler alt?

Kor ofte har ikkje
Du halde klokeleg inne
Og sagt så stille:
”Mine svar gjev eg ein gong
Kvart år:
om våren!”

Fritt gjendikta etter Edward Estlin Cummings sitt dikt ”O’ sweet spontaneous!” frå 1958.

~

Og til helga er det på ny tid for å syna fram bilete i Modalen, hjå det hjartelege vertskapet på Mobryggja. Men no med vår i hjartet.



~

Takk, min ven for hjelpa til endå eit steg i rett retning.


Og 
takk 
for 
rikdomen 
som 
veks 
kvar gong 
våre stiar 
råkast!