torsdag 24. mars 2011

Fødselshjelp




40 veker er eit svangerskap. Det byrjar å kjennast som om den tida er brukt, at vinteren varte lenge i år.

Kanskje ikkje heile 40 veker, men finns det ikkje grenser for kor lenge det er tillete med snø? I kveld fekk våren fødselshjelp. Ein god ven tok meg med på tur og varmen frå venskapen og den gode sjela, frå snøklokkene og frå den milde lufta vel nede frå snødrevet på Håøytoppen - alt fungerte som god fødselshjelp. 


Våren er på veg ut og det gler ei ventande sjel. Våren føder nye tankar, ny vilje. Våren føder sjela, som blomane....


Det byrjar å nærma seg at krukker skal plantast i på verandaen. Og av det som har overvintra er både akeleier, kornblomar, keisarkruner og andre stauder i god spir.


Og så tok eg, etter tips frå min gode turvèn, turen innom bloggen til Patinadamene på Evanger og fann ut at eg skulle få endå litt meir fødselshjelp i kveld. Så med håpet som ligg i våren, som ligg i at alt skal fødast ein gong til:


O, vakre spontane jord!
Kor ofte?
Kor ofte har ikkje
Dei peikande fingrane
Til uforståelege filosofar
Halde deg fram mot menneska?
Kor ofte har ikkje
Den trykkande tommelen
Til vitskapen
Grave opp din venleik?
Kor ofte har ikkje
Religionane teke deg til inntekt
Og rugga deg i sitt konforme fang
For at du skulle bekrefta deira gudar?
Kor ofte har ikkje politikken
Brukt deg som argument
For framtidsretta babelsk vekst
Og spurt om du tåler alt?

Kor ofte har ikkje
Du halde klokeleg inne
Og sagt så stille:
”Mine svar gjev eg ein gong
Kvart år:
om våren!”

Fritt gjendikta etter Edward Estlin Cummings sitt dikt ”O’ sweet spontaneous!” frå 1958.

~

Og til helga er det på ny tid for å syna fram bilete i Modalen, hjå det hjartelege vertskapet på Mobryggja. Men no med vår i hjartet.



~

Takk, min ven for hjelpa til endå eit steg i rett retning.


Og 
takk 
for 
rikdomen 
som 
veks 
kvar gong 
våre stiar 
råkast!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar