mandag 26. mars 2012

Kva er det med Vilnius?

Forord:

Eg vel å bruka bilete frå tidlegare turar til Vilnius fordi den siste turen fortener si eiga historie med denne som bakteppe.

Kva er det med Vilnius?

I juli 2007 er eg på Öland, denne fantastiske forblåste øya nordaust av Kalmar på den svenske austkysten. Øya med Solliden, tåkefylte heier, makabre krimhistoriar av det reint spøkefulle slaget, røykte reker og lange aks bergtek meg og eg tenker forflytta meg ut dit i staden for å ta dagsturar frå fastlandet.


Telefon frå aust

Telefonen ringer.
To gonger på ti minutter. To ulike personar.

"Ta turen over til Klaipeda. Båten går frå Karlshamn i morgon ettermiddag. Du er i Litauen på morgonen."

Eg er aleine og gjer som eg får beskjed om.
Framfor meg ligg 15 timars ferjetur med russiske vogntogsjåførar med så høg morgonpromille at då me køyrer i land håpar eg at det står promillekontroll innom kaia. Det ville hjulpe godt på den litauiske statskassa.

Eg tek inn på Litinterp, slumpen spelar ofte inn når eg reiser, og Litinterp syner seg å vera ein fantastisk kombinasjon av billeg, reint, enkelt, sentralt, frukost i korg på døra på avtalt tid og "me hjelper deg med alt!"-kontor. Vaida, Julija og Kristina deler på å betjena kontoret og eg trur aldri eg har møtt meir serviceinnstilte menneske før.

Eg stortrivst med gamle vener med telefon og nye kjende som sikkert og har ein.
Det er Juros Svente, baltisk sjøfestival og bugnar av bodar, grillkjøt, øl, seglskuter og paradar.

Bilete er frå "Vakaras Express" - Kveldsekspressen, hovudavisa
i Klaipeda, Donata og eg ute på fototur i mylderet.

Før eg reiser attende fortel nokon meg at Vilnius er vakkert om hausten.
Eg har berre vore i Klaipeda, havnebyen med kranene. Kanskje eg skal utforska dette landet meir?
Og slik blir det.

I oktober same år har Litinterp ordna meg ei veke i ein toppleilighet på Latako i Gamlebyen og eg brukar dagane til å rusla rundt og sjå på alt dette særeigne, som er ei blanding av så mange epoker, så mange stilar, så mykje vakkert  og så mykje forfall.

Trakai, knappe 2 mil mot vest var forbokstaven til Vilnius, borga på øya i innsjøen som husa hovudstaden til det som på 1300-talet var Europas største stat; Litauen, frå Saaremaa i nord til Krim i sør under kong Jogaila, Her møter den katolske sivilisasjonen dei store skogane og heidenskapen.

Trakai ein marsdag i 2009, isvandring med Rita.
Så giftar nokon seg med nokon, mest vonaleg ei dotter av Litauen med ein son av Polen og mannen har rangen nok til at Litauen vert vassalstat for den polske trona.
Difor er det mange stor namn frå historia og diktarkunsten som ber namn frå begge land.

Napoleon byrjar sitt felttog frå Vilnius. Han kryssar elva Neris som ei symbolsk handling. Og kjem attende same vegen med dei få overlevande av hestar og menn som har møtt dei kalde vindane frå Sibir.

Nordens Jerusalem

Ein gong bur det 700.000 aust-jødar her. Fyrst tek progromane på 1880-talet ein del av dei, så går dei fleste andre med i 2. verdskrigen. Framleis er den jødiske sjela ein del av dette uutalte triste ein kan ana i Vilnius. Som om synagoga framleis står der, 60 år etter at ho brann, som eit spøkelse frå menneskeleg svik og ekstreme handlingar. Eit evig fortapt mausoleum. Landets jiddische barndom er fortapt i kommunismens og nazismens tru på stat og ekspansjon.

I tre år på 1920-talet er Litauen eit fritt land.
Difor kallar dei ikkje 1991 for frigjeringsåret, men for året dei gjenoppretta fridomen.
Fridomen har vore som ei tynn matte av håp under det grove, kløande høyet dei gjennom århundra har sove i.

Når sovjetiske styrkar kringset TV-tårnet i 1991 er det ei natt eg sit oppe og ser på nyhende. Det er som om eg då veit at dette vert eit land eg får kjært.
Historia er nok til å bli glad i eit land, for med historia kan ein forstå notida.

Pilies Kepyklele - min stamkafe i Vilnius og staden
 med verdas beste pannekaker.


Nedanfor huset i Latako ligg eit motehus som no er nedlagt.
Modas Saltinas.
Denne vakre, men kalde oktoberkvelden i 2007 er det framsyning av vinterkolleksjonen og eg spring inn, dusjar, tek på meg min finaste stas (så fin som ein koffert tillet!), går ut på gata, inn neste dør med fotoapparatet klart, smilar breidt og seier "Labai Aciu!" til kelnaren som byr på champagne. At eg er einaste utan adgangskort ser ikkje ut til å vera det store problemet.

På ein merkeleg måte står eg dermed brått inne i ei verd eg kjenner meg liten i.
Så eg søker inn i lokalet, til utkanten av verda.
Der inne står ei kvinne og ein mann. Han prøver ein jakke som er altfor liten og eg helsar på dei begge.

Lina, Elzbieta og Rimas i mars 2012.

Monika er svigerinna. Lina er heime. Rimas vert ein av mine beste vener.
Han er komikar på fjernsyn, DJ på nattklubbar og ein unik historieforteljar og filosof.
Rimas er den som fortel meg alle dei nære historiane og som forsøker å få meg til å forstå hatet mot russarane når dei går inn i Georgia og Litauen kjenner seg trua på ny.
Gjennom denne mannen forstår eg den nære historia. Då eg som liten var redd for dei raude i aust, at ein gamal, senil mann skulle trykka på feil knapp, blei Rimas og klassa teke med til ei kyrkje som var innreidd som ateistisk museum. Han var ein av dei raude i aust, men så absolutt mot sin vilje.
Difor kan eg gjennom han og forstå kvifor dei er så sinte på Gorbatsjov, som me her heime elskar for si historiske rolle i bølga av endringar som rei Europa. Leiaren med føflekken i panna gav dei håpet for så å freista å knusa det med militærmakt i gjenreisinga av fridomen.

Brunost, sanddyner og diktarisk kjærleik

Og eg pakkar brunost i kofferten kvar gong eg reiser attende. Rimas og familien elskar norsk brunost og eg tenkjer at me har ulikt syn på både Gorbatsjov og brunost, men at det er godt at ikkje alle er like, for me lærer best av kvarandre så lenge me ser ting ulikt.

Ei kyrkje og eit fordums ateistisk museum, symbolet
på dualismen i Vilnius.
Historia om Rimas og Lina er ein av dei vakraste kjærleiksskildringar eg veit om.
Det er nyårsaftan og begge kjenner seg einsame på kvar sitt vis.
Kvar for seg går dei til St Bernardinukyrkja i staden for å feira på vårt tradisjonelle vis, høyrer på messe og tystnaden og Lina kjenner ved siste klokkeslag ved midnatt ein finger som pirkar ho på skuldera. Vil ho kanskje drikka ein varm kopp med han?
I dag er dei forldre til vesle Elzbieta og lukkeleg gift.
Franskoversetjaren frå Plunge og komikaren frå utkanten av Vilnius er naturparet framfor nokon eg har møtt.


Året etter mitt fyrste besøk i Vilnius feirar mine foreldre kjærleiken gjennom 40 år med klemmar og diskusjonar. Deira einaste born byd dei på tur og saman tek dei turen til Nida - i Litauen.
Fiskarlandsbyen på Neringa, innerst i den Kuroniske lagune, diktarlandsbyen til Thomas Mann.
Der det er forbode å gå fort og det er kort mellom brakkvatn og saltvatn.

Irma i Minge.

Me tek båten opp ei sideelv til Nemunas, opp til gamle Irma i Minge og drikk krydderbrennevin og et brød i hagen, medan nevøen hennar, kaptein Romas fortel om dei tre gongene ho og mannen har bygd opp huset att etter isgongen i elva om våren. No er ho aleine og vil ikkje tåla fleire vårlege ismassar. Ho smilar trufast til oss, kanskje til og med ekte, og me kan i all hennar nærleik kjenna den bestenmoderlege kjærleiken som kun eldre koner som har opplevd slitet kan ha,
Og medan svaner flyg nedover Nemunas over skyssstasjonen, syng ein tysk turist "Ja, vi elsker" på Dresden-dialekt fordi han trur at eg er like glad i den norske nasjonalsongen som det han er.

Sanddynene ved Nida er Europas største og over dei går og grensa til den mest
bevakta av byane i Europa, Kaliningrad.


I dette landskapet syklar eg opp på sanddynene før morgonsola har teke tak, feirer den nye morgonen med marihønene som kravlar opp frå jorda og dreg så inn til den russiske grensestasjonen mot Kaliningrad, der dei byd på kaffi. Livet kjennes nokre gongar særs underleg.

På utsida av Neringa, halvannan kilometer frå Nida ligg dei
vakraste strendene langs Austersjøen.

Den kvelden mor og far feirar at dei har vore gift lengre enn dei fleste har me bestilt bord på same restauranten som fire kveldar på rad. Rita serverer oss, me har ynskt at nettopp hennar varme vesen skal vera ramma rundt maten og vinen denne kvelden.
Rita studerer juss og vert den neste av mine verkeleg nære vener i Litauen.
Så når eg reiser attende neste gong, i mars 2009, gjer både Rimas og ho Vilnius til noko meir enn berre ein by å besøke.
No er det personleg. Det er venskapen.
Og Rita og venninna Laura tek meg med i TV-tårnet som sovjetarane freista kontrollera under fridomsoppstanden i 1991 når eg skal feira min 40-årsdag. Med ei personleg historie kjennes det som det er min eigen fridom eg feirar.

Rita og eg på sykkeltur mellom Palanga og Sventoji.

Rita og eg møtes i Palanga neste gong og syklar kyststripa opp og ned. I Sventoji møter eg og att Mindaugas og familien og Aage inviterer meg på sjømatlag med den norske kolonien i Klaipeda. Det er sommar og sorglause tider.

Litauen er ikkje sorglaust.
Langt derifrå.
Folk hatar jobben sin og elskar kollegene.
Byggeprosjekt har stogga opp og bilparken rustar.
Den største sjølvmordsrata blant menn i verda fortel om at folk som har vore utsett for mykje endring gjennom historia ikkje tåler når endringa går for fort.

For no reason...

Men det er slik Litauen er.
Eit sammensurium av alt og ingenting.
Av gleder og nære menneske som smilar stort til deg og av botnlaus sorg og redsle for nok ein gong å bli eit arr på kartet til eit større rike.

Føremiddags-champagne på Uzupis Picerija

Så når eg i neste blogginnlegg skal fortelja den billedlege historia om mi nylege reise attende til Vilnius, treng du denne historia for å forstå at når jentene på Uzupis Picerija over ei flaske føremiddags-champagne ein laurdag i mars spør kvifor eg kjem attende, svarar eg: "For no reason!"

Og eg kunne lagt til:
"It has become a part of me..."

--------------------------

Etterord:

På austsida av elva Vilnele (sideelv til Neris), som bølgar seg meandrerande gjennom Vilnius, ligg den sjølverklærte republikken Uzupis.
Kunstnarstaden med det store hjartet.
Den skal eg komma attende til.

Elva mellom Uzupis og resten av verda ein vinterdag i 2009.

Men om du vil forstå kvifor eg kjenner slik for denne byen, så les grunnlova til denne fristaden.
Den vart oversett til norsk hausten 2011 og er så grunnleggande ekte at den er alle grunnlovar overlegen:

GRUNNLOV
1. Alle har rett til å bo ved elven Vilnele og elven Vilnele har rett til å renne ved siden av alle.
2. Alle har rett til varmt vann, oppvarming om vinteren og et tegllagt tak.
3. Alle har rett til å dø, men det er ingen forpliktelse du har.
4. Alle har rett til å gjøre feil.
5. Alle har rett til å være enestående.
6. Alle har rett til å elske.
7. Alle har rett til ikke å bli elsket, men det er ikke noe du må.
8. Alle har rett til ikke å være viktige eller å forbli ukjente.
9. Alle har rett til å være late eller ikke å gjøre noe.
10. Alle har rett til å elske noen og å ta vare på en katt.
11. Alle har rett til å ha en hund inntil en av dem dør.
12. Alle hunder har rett til å være hunder.
13. Ingen katt er forpliktet til å elske sin eier men må hjelpe eieren i vanskelige tider.
14. Alle har noen ganger rett til ikke å vite at man har forpliktelser.
15. Alle har rett til å tvile, men det er ingen forpliktelse.
16. Alle har rett til å være lykkelige.
17. Alle har rett til å være ulykkelige.
18. Alle har rett til å tie.
19. Alle har rett til sin tro.
20. Ingen har rett til å utøve vold.
21. Alle har rett til å innse sin egen ubetydelighet og sin egen storhet.
22. Ingen har enerett på evigheten.
23. Alle har rett til å forstå.
24. Alle har rett til ikke å forstå noe.
25. Alle har rett til å være av forskjellige nasjoner og raser.
26. Alle har rett til å feire eller ikke å feire sin bursdag.
27. Alle må huske sitt eget navn.
28. Alle har rett til å dele det de eier med andre.
29. Ingen har rett til å dele det de ikke eier.
30. Alle har rett til å ha brødre, søstre og foreldre.
31. Alle kan være frie.
32. Alle er ansvarlige for sin egen frihet.
33. Alle har rett til å gråte.
34. Alle har rett til å bli misforstått.
35. Ingen har rett til å gjøre en annen person til den skyldige.
36. Alle har rett til å opptre personlig overfor andre.
37. Alle har rett til ikke å ha noen rettigheter.
38. Alle har rett til ikke å være redde.
39. Ikke overvinn noen
40. Ikke forsvar deg
41. Ikke gi opp