mandag 16. mai 2011

"Eg trur det kjem til å regna i dag"





Eg sit her og skriv før eg trekk under dyna og kjenner meg trøytt, slik eg alltid gjer dagen før 17. mai. Det er ein fin dag, men ikkje min.

Slik er det berre!


Det er så mange fine dagar som er mine.

I helga var eg på Bømlo, besøkte fantastiske menneskje, kjende på havlandets milde vind,gjestfridom og krafta i songen.




Eg vil takka alle eg møtte denne helga, for at dei gav så mykje av seg sjølv og si glede, at dei difor gav meg så mykje gode kjensler og for at dei viser meg kor ekte menneskje kan vera.

 

Ein vakker person sa nyleg at det må vera slik: ein skal omgje seg med dei gode menneskja. 


Dei andre får omgje seg med kvarandre.


~

I morgon skal eg halda tale. Det vert rart.
Og no sit eg her og les gjennom og tenker at det kjem til å bli ein bra tale, til og med.

Eg vil peika på det meininslause i feiringa når feiringa blir det vesentlege og ikkje kva me feirar.

Og eg vil freista finna fram att kva som er godt å feira. 
Kva som er rett å feira!


Som skuggene under treet ein tidleg sommardag.

Og medan eg skriv, kjenner eg på denne ambivalensen eg så ofte har. Mellom det å feira det meiningsfulle og av og til kjenna på det meiningslause.

For som det triste fyller gleda med meining, fyller meiningslausa oss med tankar om kva som faktisk gjev meining.

Difor vert ikkje nasjonaldagen meir meiningsfull om det er sol og strålande vêr. Men han blir det om me fyller han med meining, vår meining om kva som har verdi.

Eg feirar i morgon min eigen fridom, kjensla av å vera sjel og tenkjande og gleda over menneskja eg har i livet mitt; gamle som nye, både i alder og tid dei har vore med meg.

"I think it's going to rain today" vart skrive av Randy Newman i 1968. Eg har vald ein nyare konsertversjon med ein tilårskommen Randy Newman frå 2004, like sart og vakker, til å akkompagnera dette innlegget. Men om du vil, kan du høyra at Peter Gabriel tolka denne songen så vakkert i 2010. Og så har eg oversett til nynorsk:

~

Eg trur det kjem til å regna i dag




Knuste ruter i tomme gongar
Bleike stjerner som lyser i lag
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag

Fugleskremsel i siste skrik
Venleik tapar for kvardagens jag
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag


Einsam, einsam
Blikkboks framfor meg
Trur eg sparkar han i veg!
Slik behandlar du ein ven!

Orda tordnar i ordlause timar
Hjelp dei svake, ver sterk, ikkje klag:
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag

~

Kanskje du synes det er litt vel sart på ein fin dag? Det synes eg òg. Men sart er nokre gongar fint. Og 17. mai er ein dag er har blanda kjensler til. 

Det er lov å kjenna på det sarte nokre gongar.
Eg trur det gjer oss sterkare.


Og betre!




Gratulerer med nasjonaldagen!





Du og, Kåre!






(Bileta er henta frå Brandasundet, Finnås, Moster og Bjørnafjorden 
14.-15. mai 2011)



søndag 8. mai 2011

Vidunderleg galskap

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)

Om The Band, kardinalar, gode menneskje, spretne kattar og leikande lam.


Galskapen. Denne vidunderlege galskapen som me hentar fram i oss.
Me treng han. Me treng å leika, treng å forstilla oss, ta fram det barnslege i oss, treng å vera galne.


For elles kan det henda me vert galne!


Me treng galskap og det gode i trygg samhandling. Det er det som gjev oss energi og livsvon. Berre sjå etter rundt deg! Kjenn!




Eg har vore i Trondheim og leika meg med digitale tavler. Gode reiskaper i undervisninga, men ôg fullstendig galskap.


Som då eg med fingrane gjorde London tredimensjonal og vandra ein tur inn i Westminster Abbey. Men teknologien var ikkje det sprøaste i Trondheim. Ikkje trøndarane heller. Dei hadde somna i mangel på Rosenborg-suksess og verka som om våren var eit gjesp.


Nei, The Band gjenoppstod i Trondheim i veka som var. Neidå, Robbie var ikkje der, men Kjell, Ole Herman, Salla og Lars. Lenge leve galskapen!











 
Eller kva med Den Raude Kardinal - El Toreador a la Mobryggja?Det er så vidunderleg når menneskje vågar å leika slik. Ikle seg fargar og spela seg framfor kamera.


Då er det ikkje mykje galskap i gode smil og varme hjarte. Og i fantastiske sølvsmykke som no finn vegen til cruiseturistar på dagstur i Modalen. Smykker laga av Cathrine Bysheim og som er inspirert av norsk natur. Som dei eldgamle uutsprungne bregnene?


 

Men galskapen kjem fram etterpå. I vårleik over brua eller i smådropedryss under fossen.







Og vel nede på Mo denne laurdagen, alt anna enn galskap. Men med det same vakre som galskapen gjev.

 

 



På veg heim til hytta: galskapen kjem fram att når eg lokkar ein herleg mann opp i gravemaskina.
Av og til er me stive, seier "Nei, eg kan då ikkje det!". Andre gongar er smilet gåva me får når me vågar.
  




I så måte er Irma ei gåve. Ho leikar storslagent - heile dagen. Kvar som helst, men gjerne i trea.





Er ikkje fruktbløminga og ein form for leiken galskap? Blomane sprett fram i vårleg trivnad og gjer seg klar for bestøving og haustleg avkasting.

Eller leiken når Vibeke og Morten leikar på trampolina på nabohytta.


LENGE LEVE GALSKAPEN!

Lenge leve våryre kast og sprett med lam på bakkane på Eknes.






Når solefallet varmar på vindauget og trea står nakne:



Det er balansen som tel!

Balansen mellom leiken galskap og varme hjarte.

Så kan med ta The Band med oss i øyre - eller hjarte - saman med ein porsjon galskap, kvessa klørne og gjera klar for ei ny veke!



Leve Homo Ludens - det leikande menneskje!

Og lenge leve det varme hjarte!









søndag 1. mai 2011

Naturens små under

Eg har budd i Tyskland, men neimen om eg kan seia at det å beherska tysk er det same som å lika språket. Likevel finn eg i tysk eit av dei vakraste orda eg veit:

Smetterling

- Sommarfugl -

Denne veka har sommarfuglane verkeleg innteke naturen att.
Og kva er vakrare enn to sommarfuglar i instinktstyrt flukt på ein fjelltopp.

Men då eg fekk sjå den vesle blå, ein eg aldri har sett før, og den fylgde meg i ein halv time, vart naturens små under tydelegare enn nokon gong.

Det er lett å sjå naturens små under på denne tida.
Me må berre sjå etter!

I tider med lønsoppgjer, overdådige kongebryllup, pavelege saleggjeringar og komfirmasjonar:
her er det som verkeleg tel!












Bileta er teke i Molvikdalen, på Tveitafjellet og på Hosanger 30. april og 1. mai.

Ha ei fantastisk veke med naturens små under!
Og smak på ordet:

Smetterling

For øvrig:
dei fyrste linerlene i år såg eg på grøn eng, ikkje på stein eller veg. Det skal visstnok vera teikn på ein god sommar!