mandag 16. mai 2011

"Eg trur det kjem til å regna i dag"





Eg sit her og skriv før eg trekk under dyna og kjenner meg trøytt, slik eg alltid gjer dagen før 17. mai. Det er ein fin dag, men ikkje min.

Slik er det berre!


Det er så mange fine dagar som er mine.

I helga var eg på Bømlo, besøkte fantastiske menneskje, kjende på havlandets milde vind,gjestfridom og krafta i songen.




Eg vil takka alle eg møtte denne helga, for at dei gav så mykje av seg sjølv og si glede, at dei difor gav meg så mykje gode kjensler og for at dei viser meg kor ekte menneskje kan vera.

 

Ein vakker person sa nyleg at det må vera slik: ein skal omgje seg med dei gode menneskja. 


Dei andre får omgje seg med kvarandre.


~

I morgon skal eg halda tale. Det vert rart.
Og no sit eg her og les gjennom og tenker at det kjem til å bli ein bra tale, til og med.

Eg vil peika på det meininslause i feiringa når feiringa blir det vesentlege og ikkje kva me feirar.

Og eg vil freista finna fram att kva som er godt å feira. 
Kva som er rett å feira!


Som skuggene under treet ein tidleg sommardag.

Og medan eg skriv, kjenner eg på denne ambivalensen eg så ofte har. Mellom det å feira det meiningsfulle og av og til kjenna på det meiningslause.

For som det triste fyller gleda med meining, fyller meiningslausa oss med tankar om kva som faktisk gjev meining.

Difor vert ikkje nasjonaldagen meir meiningsfull om det er sol og strålande vêr. Men han blir det om me fyller han med meining, vår meining om kva som har verdi.

Eg feirar i morgon min eigen fridom, kjensla av å vera sjel og tenkjande og gleda over menneskja eg har i livet mitt; gamle som nye, både i alder og tid dei har vore med meg.

"I think it's going to rain today" vart skrive av Randy Newman i 1968. Eg har vald ein nyare konsertversjon med ein tilårskommen Randy Newman frå 2004, like sart og vakker, til å akkompagnera dette innlegget. Men om du vil, kan du høyra at Peter Gabriel tolka denne songen så vakkert i 2010. Og så har eg oversett til nynorsk:

~

Eg trur det kjem til å regna i dag




Knuste ruter i tomme gongar
Bleike stjerner som lyser i lag
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag

Fugleskremsel i siste skrik
Venleik tapar for kvardagens jag
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag


Einsam, einsam
Blikkboks framfor meg
Trur eg sparkar han i veg!
Slik behandlar du ein ven!

Orda tordnar i ordlause timar
Hjelp dei svake, ver sterk, ikkje klag:
Ekte kjærleik kjem til oss alle
Og eg trur det kjem til å regna i dag

~

Kanskje du synes det er litt vel sart på ein fin dag? Det synes eg òg. Men sart er nokre gongar fint. Og 17. mai er ein dag er har blanda kjensler til. 

Det er lov å kjenna på det sarte nokre gongar.
Eg trur det gjer oss sterkare.


Og betre!




Gratulerer med nasjonaldagen!





Du og, Kåre!






(Bileta er henta frå Brandasundet, Finnås, Moster og Bjørnafjorden 
14.-15. mai 2011)



1 kommentar:

  1. Det var så kjekt å helsa på deg, Lars! Og jammen tar du masse flotte bilete. Det er ein sånn god varme i dei! Ha ein fin 17. mai! :-)

    SvarSlett