søndag 10. april 2011

Livsteikn

- based on a 1000 true stories....


(Om du vil: høgreklikk her, og opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)


Det er ofte ein kjenner at noko manglar, at ein er for sliten, at det går litt i stå. Kroppen, sjela, tankane, verda omkring. Det er så mykje å ta inn og respondera på.


Og så er det april. Vårteikna står i kø. Og kor godt det er å sjå dei, sansa dei, kjenna på dei og legga dei på minnebrikka ein plass under hårfestet.


Denne helgja har eg for så vidt samla vårteikn, men eigentleg har eg samla livsteikn. 


Eg har samla på teikn på at livet er godt å leva. Og mykje av det eg har samla kan monterast saman i ei serie bilete. "Based on a thousand true stories". For livet er møter. Sanne historiar. Brøkdelar av sekund, timar, fragment og heilskap sett saman til noko større enn tida og innhaldet sjølve i sum.


Livsteikna er det ein tek med seg vidare. Dette har eg teke med meg frå ei helg med påfyll for sjela; og eg er heilare enn på lenge!


Bileta eg tek med meg er av dyr, menneskje, natur, musikk og glede!





Eg tek med meg Irma, alle uttrykka, den mjuke pelsen og gleda over flogejakt i hagen:




Eg tek med meg Martika (frå ein herleg familie som spreier smil) og dei andre som spela "Toss the feathers" så eg allereie kjende meg som om eg var komen til Skottland, tre månader før tida:



Eg tek med meg Jimmy ("El Greco"), smilet han spreier hjå andre, brillene under haka og det store kakestykket eg fekk; det med alle rosene på:



Eg tek med meg Otto; ein fantastisk mann som eg gler meg til å sjå i morgon; då skal eg levera bilete til han og kona, hjelpa han med datamaskina og høyra på kva musikk han har skrive til ei gjendikting av William Wordsworth for meg. Og eg skal ta med "that silly face" - så godt me vågar å vera leikande!



Eg skal ta med meg ein stor cafe Mocca, som Camilla laga; og ho lagar det med glede, som ho spreier glede ved måten ho lyttar på, og snakkar på. Ho er eit fint menneskje!



Eg skal ta med meg våren i Molvik. Dei overvintra restane av fjorårets blomar; dei spede byrjingane på ein ny sesong; vatnet som sildrar i elva ved "Badehølen"; far som klipper greiner frå frukttrea, slik at dei betre kan bera si haustlege bør; "auget" på veggen mot blå bakgrunn - ei påminning om kreativiteten til mor, som har brukt helgja der inne på å strikka dåpskjole til vesle Jakob; lyngen på terrassebordet og alt anna som gjev livet farge:









Eg tek med meg maten og vinen; den gode sausen laga på rekeskal og ferskpressa appelsin, med pasta og chili- og basilikum-marinerte kongereker:



Eg vil ta med meg Knut, Anita, ungar og venene deira på nabohytta; med eit søndagsmøte som både vart til sal av bilete og nye fotografi:




Og til slutt vil eg ta med meg det å dela ein fantastisk konsert med ein vidunderleg ven. Her var ikkje kameraet med, så forteljinga får stå til eit bilete eg har låna frå Silje Nergaard si heimeside. For Silje trollbatt oss i Arna Kyrkje, saman med to fantastiske gitaristar: Håvard Bendiksen og Hallgrim Bratberg - dei tek eg og med. For å sjå fjesa deira når dei slepp alle hemningar og leikar med instrumenta; å høyra Silje si varme, inderlege stemme tolka "The moon's a harsh mistress" eller når dei alle i saman tek Michael Jackson sin "Black or White" ut i eit funky grenseland av det forventa, eller av det mogelege for den saks skuld - då er dei alle verdt å ta med seg vidare. Dei gav opplevingar innom heile kjensleregisteret, som eg fekk dela med fleire og kjenna på med ein sterk ven, og som eg kan legga i bringa i påvente av ei ny arbeidsveke med fleire livsteikn.


Og så vil eg ta med meg Monika Heldal; nyoppdaga frå mi side, eit lokalt talent utover det eg tidlegare har opplevd, og som eg gler meg stort til å høyra meir av. For ho var akkurat det eg vil at eit musisk menneskje skal vera; leikande med instrumentet og med sjela utanpå!



Takk for stunder, venskap, andlet med smil og trivnad, kreativitet og musikk og alt som gjer sjela varm!

Ha ei strålande god ny veke med nye livsteikn!

Based on a thousand true stories!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar