mandag 25. april 2011

Raud hettegensar, Peter Gabriel og baconomelett

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)


Påska 2011 har vore herleg. Eg har kjend på at fridomen i det som ikkje er planlagd gjer at ein sit att med gode minner og meir energi enn for 10 dagar sidan. Det spontane


Middag med fetter Erik og Joanne på Askøy, tommel opp og Bouillabaisse i varmt vårvêr med Ane i byen, to turar på Åsheimveten, barnedåp på Hosanger for vesle Jakob, Husdalsfjellet i shorts, tur over Vidden fra Fløien til Ulriken med Hulda og middag og solefall etterpå, plantar som veks på verandaen, ostekake og fossefall i Modalen og innimellom Molvik: klargjering av grønsaksåkeren, humlejakt, stille stund under eit tre i skogen, Irma i kløktig jakt, fantastisk hjortegryte og god vin, fyr i peisen når kvelden kjølnar. For ikkje å snakka om gode fotografiske augneblinkar.


Så har eg og funne fram til plassar eg vil vitja på Shetland og Orknøyane, leita etter eit godt kloster eg kan bu i for ei veke i oktober og elles løyst ei mengd med quiz'ar og sudokuar.


Alt i livet ligg framfor oss, for det bakom oss er minner. Men framtida vert bygd på kjenslene i dag, som gode byggesteinar.


No sit eg i raud hettegensar, et baconomelett, lyttar til Peter Gabriel og tenkjer på gode byggesteinar frå den siste veka.








































2 kommentarer:

  1. Nydelige bilder Lars, som alltid!!
    Godt med fullada batterier etter en flott påskeferie :)

    Håper våren fortsetter like bra for deg, som den har begynt :)
    Klemmer fra Eldbjørg

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå og lesa,det er so fint!

    SvarSlett