mandag 4. april 2011

Tulipantid II



Så er altså utstillinga over og eg er ikkje lengre debutant.
Eit særs klokt hovud sa at eg måtte hugsa å ta vare på det gode eg kjende på undervegs i prosessen og la det bli ein del av meg. 

Eg trur eg har klart det nokonlunde.

For i går, i all nedpakking og levering og statusoppdatering i sjela, kom roa. Brått vart alt så heilt. Eg hadde fullført eit stort prosjekt og den siste dagen var ein god finale med varme, sjelfulle menneske innom.

Så er det og ei god kjensle å byta ham litt, ta av seg vinterklea samstundes med at utstillinga er ferdig og tenka at einkvar slutt er ei ny byrjing.

Difor byrja våren formelt på verandaen i dag. Om enn med kald sur vind. Og sjølv om han offiselt byrja for vel ein månad sidan, om eg skal gå etter kalendaren.
Nyplanta vakre tulipanar og dei sjølvsagte påskeliljene. Pusekattar på selja som overvintra så fint. Omplanting av dei sterke staudene som alt er grøne. Det spirar sart med timian frå snøfri rot. Peon-treet kjem med sterke nye skot og det same gjer rose-trea. Og jammen spirar det ikkje godt i krukka til keisarkronene, som etter å ha byrja som tre plantar for 4 år sidan no skal ha dobla seg kvart år og det vil seie at eg, om eg er heldig, skal få sjå 24 blodraude liljer spretta fram og samla vassdråpar i juni.

Alt er kva ein gjer det til. I dag har eg gjort ein slutt til ei ny byrjing. Ny stiar skal trakkast og gamle stiar skal også gåast oppatt slik at sommaren får sitt trygge vante tak. 


Saman byggjer det gamle og det nye heilskap.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar