søndag 3. juli 2011

Sommar versjon 1: Bilete frå ei utstilling.

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)



I dag var eg til stades då Jan Erik Willgohs opna utstilling på Galleri Mjøsvågen.
Kanskje vil eg her sleppa å lika eller ikkje lika bileta hans. Eg får dei ikkje heilt inn under huda, men eg kjende glede over å prata med ein heil familie om alt me kunne tolka inn i dei. Han har eit uttrykk som gjer at det ein ser, ikkje er det andre ser. Og slik har kunsten ei oppgåve: samtalen om det me ser eller sansar. 

Og i si opningstale sa han noko viktig:
Naturen er ikkje vakker, ingen ting er vakkert utan gjennom oss. Det er me som avgjer kva som er vakkert eller stygt. Og alt det andre som me sansar. Me avgjer i augneblinken eller over tid om det fell oss til hjartet som noko me vil ta med oss. Og noko vert sitjande.

Er det ikkje fascinerande at menneskja er blant dei einaste levande vesen som kan sjå fargar?
Kor heldige me er!

Så når eg kom inn att til Molvik i tåka no i kveld såg eg meg ekstra omkring i hagen. Og gledde meg.
Og eg tok ekstra vare på kattane og gav dei god mat og tykte litt synd på at dei ser alt i grånyansar.

Og eg tek med meg bilete frå ei utstilling.
Mi eiga! Bileta frå den mentale opplevinga det var å opna ho og vera til stades med kjensler og opplevingar i eige liv og leva det så rikt at ein og får vera blant dei som formidlar.

Eg er takksam for det!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar