søndag 3. juli 2011

Sommar versjon 2: Dei mjuke formene

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)


Det er over midnatt og eg sit og kjenner på kva sommaren skal vera. I det komplette kaos på "lemmen" i Molvik, mellom pappkassar, ein umontert sofa og bøker i stablar har eg alliert meg med Keith Jarrett (lytt på linken og få gåsehud!) og lar tankane vera passasjen mellom kjenslene og røynda.
Nakken er stiv, kroppen framleis trøytt, men eg er over det verste. No er det ferie og same dag som den byrja var eg ferdig med flytting.

Modalsdagar i går: det gler meg å sjå den bygda bløma; Galleri Mjøsvågen i dag: det gler meg å sjå heimbygda mi erstatta det dei trudde var tapet av butikkar og post med noko ekte som lar folk koma saman frå bak sine murar og møtast i eit felles møtepunkt, der sjela har rom, om så berre til å nyta at ein ikkje er einsam i livet! 
Ei økt med tinging av foto på lerret; nokre som er ynskt, nokre som mitt påfyll til utstillinga frå den 17. juli - komplimentering heiter det visst!

I morgon: postkasseflytting, fotografering, pakking. Onsdag reiser eg til Shetland for ti dagar med fuglefjell, langstrakte steingjerder, låge hus og fuglar i vind.

Kva skal sommaren vera, om ikkje å rømma frå det konforme, det sterile, det innmurte og ut i det ekte, nakne landskapet utanfor oss sjølve:

Eg vil ha

DEI MJUKE FORMENE!

Formene til musikk som trillar bortetter vegen med meg, eller nedover frå augene fordi vegen er inni meg.

Formene til blomane som gjev meg fargar i sjela.




Formene av menneskje som jublar vilt og hemningslaust over ein enkel bodskap om at lukka kjem innanfrå eller frå andre medmenneskje.




Formene av Irma sin bøyelege kropp og store runde auge, der ho kryp opp i nyvaska skittentøyskorg som duftar mjuke eple, ikkje kjem ut att og leikar i den vesle verda ho har oppdaga.






Formane av avrunda kinn som skjuler harde kinnbein eller vinterens samanbitne tenner når andletet på ny lærer seg at latter og smil gjev liv til sjela, styrke i sinnet og ei god kjensle av at ein høyrer livet til.



Gje meg luftige vegar for små insekt som lagar surr i øyrene frå avstand, som nærmar seg og vert borte, som finn nye blomar, nye kontinent, nye menneskje å gleda. Gje meg ringar i vatn der dei landar!





Gje meg paraplyar til å gøyma bort, til å legga vekk for sesongen. Gje meg formene til regndråpar i varm sommarkveld, så eg kan bli våt utan kulde og kjenna den nakne truskapen til oppvarma hav når vatnet er varmare enn lufta omkring.


Gje meg sirklande røyrsler frå flaggermusene som jaktar rundt stolpen med lys i, gjer eit utbrot når eit insekt kjem innanfor radaravstand og finn attende sin evige nattlege dans.
Gje meg den bølgjande flukta til svalar over enga.


Vis meg hjarteleg nytt liv som kjenner sola varma for fyrste gong og forstår at dei har passerte nålauga det er å få vera ein av dei som har tallause sommarminner å sjå fram i mot.





Gje meg sommarnatta. 


Etter kveldsbadet, før morgonbadet. 

Etter vinen, før doggen

Gje meg ein blomebukett og eg gjer gladeleg ein til deg.


Gje meg ei korg med jordbær, ikkje for at eg skal eta ho aleine, men for at eg skal dela ho med deg og seia: "Det siste er ditt!"

Gje meg kvart morgongry!
Så eg får dela dagen med alle som vil dela han med meg!

Gje meg Keith Jarrett, ein time og solstreif.

Gje meg livsnerven!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar