lørdag 10. desember 2011

VENTETID

(Om du vil høgreklikk her, opne i parallelt vindauge for å høyra musikk som passar dette innlegget)



Ventetida er her. Advent.
Nokre få usedvanleg ivrige fylgarar av bloggen har òg venta.
Det gler eit varmt hjarte i vinterkald kveld.

Osterfjorden sett frå Ytre Mulaneset mot Knarvik, 10.12.11.

Vinterkald! Alt er relativt. Eg tenkjer at det finns menneskje i Aten eller Buchuresti som no frys når gradestokken kryp ned mot pluss 10.

Eg sit varm på "lemmen" i Molvik og frys absolutt ikkje.
Det treng eg ikkje. På dagen då fredsprisar vert delte ut og månen gjorde seg kobbarraudt rødmande i jordskuggen har eg det fortreffeleg. Visst er eg trøytt. Det har ikkje vore nokon dans på roser dei siste månadane, men eg trur det er greit å sjå kva kontekst ein lever i.

Og når eg opplever lyset slik det har vore i dag, fyrst gjennom menneske som er gode i sjel, så ved fjorden då det mørkna, så heime med dimma elektrisitet og levande lys omkring meg; kva er då mi klage?
At eg er trøytt? So be it!


Døme på gode sjeler
som har lyfta meg i dag.

Eg har ei einaste klage;
at eg ikkje er takksam nok!
Den eine sjela frå i dag var i møte over eit bokprosjekt. Torill har denne uanstrengte kombinasjonen av kunnskap, språk, varme og oversikt. Me har snakka om foto, språk og gått opp nokre grenser for felles prosjekt.

Sa eg at eg var trøytt? Så går eg inn i slikt?
Ja, for den andre sjela har dette store hjartet og den inderlege fellesskapskjensla; ho veit alltid kven eg er, òg når eg ikkje veit det sjølv. Ho minna meg på at eg er trøytt fordi eg lever. Lever ut dei historiane eg skal fortelja eller berre minnast når eg som hundreognokre år gamalt skal av meg sjølv skal ikle meg ullteppe i ein stol på ein heim og språket er eit minne.

Indre Osterfjord mot Kleiveland på Osterøy, sett
frå Molvik kai, 10.12.11, rett etter måneformørkinga.

Under fullmånen sit eg med Irma nær og kjenner heile meg, på godt og vondt. Eg har tid til det eg ikkje har gjort i haust; denne bloggen, til dømes.


 Så kva har eg brukt hausten til? Den hausten som så fort gjekk over i vinter?



Tre døme på haust!

Mellom stormar, rustne bøkeblad og stolstrålar som filtrerer skarpaste luft, og mellom arbeidsdag og tung søvn:

Eg har pussa opp!


Ved fjorden ligg ei lita vakker bygd, feilplassert eller kanskje ho kom drivande frå Hardanger ein haust for lenge sidan?
Ho fekk feste mellom fjord og tunge fjellsider og har sidan bløma i fruktblomar kvar vår.


Her flytta besteforeldra mine i 1940, den dagen krigen kom.
Så dei fyrste ukjende som kom inn porten var fire tyske soldatar med hol som måtte bøtast. Seinvinteren 1944-45 hadde gjort dei svoltne etter samanbrot i dei tyske forsyningslinjene. Fire gevær i kryss utanfor porten. Fire unge menn som sakna Das Heimat.


Sidan då har freden lagt over min trygge heim - ja, om ein ser bort i frå ein og annan uungåeleg familiær tvist. Her vaks fire born opp med snarefangst og røykelaks. Røykehuset brukar me enno. Laksen er klar til jul.


For at foreldra mine skal kunne bruka det slik dei vil sjølv om eg bur her har eg pussa opp "lemmen". Lister er fjerna, tapet riven ned, smarte løysingar har vorte til under vegs. Men heile tida har eg halde meg til det biletet eg har skapt gjennom år.


No er eg ferdig.

Og med skarpaste lyd legg Bugge Wesseltoft "Deilig er Jorden" som bomull over den klaraste natt eg har sett på lenge.


No er det midnatt.
No går eg ut og fotograferer.

Her finns ikkje grunnlag for elegiar.
Her finns berre ro.

Eg klagar berre over at eg iblant ikkje er takksam nok...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar