søndag 18. desember 2011

Mirror, Mirror...

Me speglar oss....
heile tida.

Me speglar oss i omverda; i vener, reklame, media, kolleger, hendingar.

Eg har nokre ønsker for 2012. Eg vil så gjerna spegla meg i noko betre.
Noko som gjer meg glad og trygg,

Eg vil så gjerne ha journalistar som leier debattar på tv utan å avbryta dei som snakkar.

Eg vil sjå at Dagbladet har ei veke utan sensasjonar, blodtørste overskrifter og gode kritikkar av dataspel med døden til følge.

Eg vil så gjerne høyra EIN politikar som vågar å seie at eit liv, god omsorg av eldre og klimatiltak er viktigare enn rente og inflasjon.

Eg trur det ikkje, men eg vil gjerne sjå at Statoil trekker seg ut av Canadisk oljesand av miljøgrunnar og av omsyn til urfolket.



Kanskje får eg sjå ein politikar som seier til ein annan: "Du har rett, ditt forslag er det beste! Men eg trur ikkje eg vil håpa.

Eg vil sjå at redaktørar ikkje gøymer seg bak at det har allmen interesse, når dei er dei einaste som meiner det.

Og eg vil sjå at banale ord som smør og straum ikkje blir sett saman med ordet krise.

Men eg kan håpa på at vener og familie får det bra. Det enkle er som oftast det beste.

For om me ikkje hadde spegla oss i dei som står oss nære, kva hadde me då att?

Om tre dagar er det årets mørkaste dag, så blir det lysare.
Det ønsker eg for heimlause over heile verda.
Ei lysare tid.

Godt vintersolverv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar