søndag 11. desember 2011

MÅNESKIN OG INSPIRASJON

Ventetida i desember er og tida for å venta på inspirasjonen.

Eg pleier alltid å bli meir inspirert til å gjera kreative ting når rekningane er betalte. Silly me!
Men sånn er det no. Så no er det gjort og inspirasjonen kom.

Gode menneske rundt seg er vel og ein avgjerande faktor.
Iskald tur i måneskin ved midnatt hjelper på.

Midnattstur i Molvik i måneskin, 11.12.2011.

Og inspirasjonen kjem gjerne med ein sløv søndag, av den sorten ein må ha innimellom.
Musikk, bok, levande lys.

Så av inspirasjon, betalte rekningar, gode menneskje og god tid kom denne:



- så no har julestemninga innteke Molvik.

God innspurt! Det er snart jul...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar