tirsdag 17. januar 2012

Søndagsmorgon i Hyde Park



På jobb på BETT i London Olympia for Scandec / Promethean.

I det eg går ut døra ringer klokkene i St Mary Abbot's for fyrste gong denne søndagen. Dei slår metallisk gjennom lufta, men i det lyden når meg høyres det ut som klokkene er pakka inn i eit tynt lag bomull.

To joggarar er nær ved å segna om. Den eine held seg knapt på beina nok til å passera og rundar meg med minste margin for å unngå kollisjon. Min frukost har nett landa i magen. Deira er allereie brukt opp på eit par mil asfalt og eg tenkjer at menneska har ulike syn på søndagsmorgonar.



Eg ruslar ut på Kensington High Street mot Hyde Park. Hentar meg ein latte på Caffe Nero, som er ein slags merkeleg behaldar med kontrastvæske i Borough of Kensington and Chelsea. Har du eigendom her, så har du og inntekt eller anna avksating som langt overstig det normale. Men på Caffe Nero ser det mest ut som ei varmestove for dei heimlause. Ei eldre dame utan tenner nippar til teen med leppene og to rustne herrar i loslitte parkassar spelar sjakk; Hurtigsjakk med klokke, som om dei har behov for å komme seg raskt ut i kulda att. Og han som servererer meg latten snakkar gebrokkent. Som alle andre som jobbar på cafear og restaurantar med italienske namn er han sjølvsagt aust-europear. Kontrastar og motsetnader ER London. Det er det som er så fascinerande med denne byen. Alt er i endring - alltid. Ingenting er det du ser. Og likevel har du alltid kjensla av at tempoet inni deg går ned og at du er trygg. Til og med ein laurdagskveld i ei bakgate i Covent Garden.


Ein søndagsmorgon i Hyde Park er òg ei verd av kontrastar. Sjølv i januar er parken nokså grøn. Hundeeigarar trur dei går tur med hundane, men i røynda er det motsett. Dei fleste hundeeigarane er så trøytte enno at det er hundane som går på tur med dei.
Di lenger inn mot midten av parken ein går, mot Round Pound, di mindre lyd høyrer ein frå trafikken. Difor trekker eg dit. Eg tek følgje med ein hund som er på tur med eigaren i band.
Eigaren er ein av desse som tener fett på papirflytting, men som ser ut som Bob Geldof på fylla fordi det gjev kontrast til alt det han eig. Eg spør om det finns noko historie bak parakittane i parken. I Hyde Park finns det - apropos kontrastar - nemleg nokre flokkar med grøne, skravlande munke-parakittar som ein gong må ha hatt ein heilt annan bakgrunn enn London. Det er mange som meiner at det starta med dei 14 Jimi Hendrix hadde i huset på Brooke Street i Hampstead Heath og det er denne historia hundeeigaren kjem med no.

Jimi sov ut rusen, visstnok òg ein søndagsmorgon i 1968. Dei fjorten parakittane laga leven, Jimi hadde nokre milde hallusinasjonar, det var søndag og han ville frelse parakittane frå den innestengde verda si og seg sjølv for lydane deira og opna ganske enkelt vindauga. Og dermed hadde den utandørs populasjonen i Hampstead Heath vakse med 14 individ på ein augneblink.

No har dei spreidd seg til Hyde Park og sidan flokkane likar å ha mykje rom rundt seg, har kirsebærtrea i Surrey ikkje gjeve store avlinga dei siste åra. Parakittane har faktisk vorte eit problem for mange fruktdyrkarar.

Geldof-kloninga og eg snakkar om den blinde hunden hans før me kjem inn på kunst. "Since you obviously like art, you should go and see this smashingly shocking exhibition in Piccadilly; you will have nightmares for a week after going there. I love it!"
Difor skil me veg, Geldof og eg. Me snakkar ikkje same språket lengre. Eg likar ikkje å oppsøka det groteske. Eg søker det vakre, seier adjø og rundar ned til Round Pound.


Den låge januarsola eldar opp aksa og får bogene i brua til å skina som om ein lysmester førebudde dei til sommarens store fest; dei olympiske leikane. Med same kontekst er London denne gongen heisekraner og stillas. Ingen kunne ana at hotellet eg bur på har fire stjerner, eller for den saks skyld at det er eit hotell, der det ligg gøymd bak kvit plast. Eg har tidlegare i veka fleipa med arbeidarane som pussar opp at det å kle inn husa til det ugjenkjennelege ville fungert bra som antiterror-tiltak føre OL. "Brilliant idea!" var svaret fylgt av ein hes latter. 

Eg vert blenda av lyset ein augneblink, ser vekk frå heisekranene i horisonten og rett inn i ei raudstrupe. Der og då verkar det som raudstrupa materialiserer seg i lysglimtet som blenda meg og eg tek til å tenkja på myta frå folketrua om at raudstrupa tek med seg elden frå himmelen. Enno ein kontrast. Eld og himmel er i seg sjølv mytologiske kontrastar. Og raudstrupa er så liten og venleg at det er lite som syner meg hennar mytologiske forklaring. Eg snakkar til ho. Raudstrupa svarar. Slik held me på ei lita stund, ho vrir på hovudet og er stille når eg er stille og kvitrar litt jammerleg når eg snakkar til ho. 
Her er det lite installasjon som sjokkerer og dermed nett det eg søker. Det enkle og det vakre. Ein nyfiken samtale om ingenting mellom ei raudstrupe og ein som syner ho interesse ein augneblink.



Eg sit på ein benk nede i dumpa ved Round Pound ein halvtime, studerer menneskja som har si stille stund denne morgonen. Nokre vil vera aleine, andre søker likesinna hundeeigarar eller andre med born. Ein familie på tre minner meg om turane med farmor då eg var liten, der målet var å bli kvitt litt brød og gjera endene glade.


I det eg reiser meg frå benken, kjem tre gjess flygande og minner på at London ligg sør i eit land som ligg sør for Noreg. Det er januar. Isnande morgonar i Sør-England kan framleis innehalda grøne plenar, nokre blomstrande hageplantar og gjess som stiller inn kompasset utan å reisa så langt av stad. Regent's kanskje?


Det eg likar best med januar er skuggene på slike solrike dagar. Sola står så lågt på himmelen at alt kastar lange skugger. Eg kan stå lange stunder og berre ta inn mentale bilete for å lagra dei. Tre, skugger, sol, røyrsle. Ein hund spring mot eigaren og gjev bileta liv; mentalt og verkeleg.


Hyde Park er leikegrind for mange ekorn og dei er fascinerande nærgåande om du byrjar å smatta og står i ro. Eg veit dei kan bera smitte, men kvar gong eg er i Hyde Park kan eg ikkje motstå freistinga det er å sjå om eg får eit av dei til å våga klatra på buksebeinet mitt. Og sjøvsagt skjer det.


Eg forlet raudstruper, ekorn, parakittar frå ein tilsvarande morgon i 1968 (kanskje nokre er dei same som den gongen?), eksentriske hundeeigarar og joggarar og trer ut av treskuggene. Er attende på Kensington High Street. Tiltakande trekk gjer det ikkje spesielt kaldt, sidan det er tørt og eg undrar på korleis veret er heime.

Eg hentar den overfylte kofferten på det innpakka hotellet, tek ein taxi over til Victoria Station for å ta Gatwick Express som neste etappe på heimreisa. I det eg kjem ut av heisdøra på perrongen kolliderer eg med ei gul jakke. Jakka har ein eigar med eit smil som varmar nok til at januar vert til vår, heiter Mairi med Mac i etternamnet og bekrefter sitt skotske opphav i det ho opnar munnen for å presentera seg. Og dermed bekrefter ho at eg alltid kolliderer med nokon i London. Og at dei alltid er hyggelege menneske.


Samtalen med Mairi er ein av dei mest behagelege eg har hatt på lenge, sjølv om eg har hatt mange fine samtalar med gode, nære menneske. Det er kanskje det at det overraskar meg like mykje kvar gong eg pratar med nokon ein aldri før har møtt og det kjennes som det mest naturlege i verda.
Med forseinkingar på toget varer samtalen i nøyaktig ein time, før skilta på Gatwick seier at ho skal til North Terminal og eg til South. Morgonen av kontrastar er komplett. Ho skal frå North terminal sydover til Marseille, der ho jobbar som produktutviklar for nettløysingar, eg skal frå South Terminal til Noreg. Eg synes ein augneblink at det er urettvist at det er eg som skal nordover. Då eg landar på eit Flesland innhylla i tåke, med fukt som trekk inn under kleda og gjer minus 2 til ei kjensle av minus 20, kjenner eg meg sikker på at eg skulle vore ein annan stad og brukar turen heim i bil til å drøyma meg til låg sol i Luberonfjella.

Men så kjem eg heim, vert møtt av to unge kattar som har sakna og når dei etter ei stund trippar på magen min og malar sine gledesviser i varmen frå peiselden, tenkjer eg at nord ikkje var så verst denne gongen heller.



1 kommentar:

  1. Fantastisk Lars! Som alltid :)
    Takk for at du tok meg med til en søndagsmorgen i Hyde Park! En deilig avslappende stund, med fantastiske bilder :)
    (fikk meg helt til å glemme all snøen og alle kuldegradene ute, her oppe på fjellet!)

    Klemmer fra Eldbjørg

    SvarSlett