søndag 22. januar 2012

Den blå timen: Oppvakninga!


Det er vårt lodd i livet å takla årstidene. Med det er det ikkje sagt at alle taklar alle årstider like godt.

Me kan vera glad i alle årstider, men likevel takla dei ulikt.
Det ligg i naturen til menneskja at det er lettare å leva inderleg og med større glede når sola varmar og set i gang vitamin- og serotonin-produserande prosessar i oss.


Mot slutten av oktober endrar eg meg.
Det er som om kreftene varar kortare og restitusjonen treng meir tid for kvar dag.
Tankane og muskulaturen vert stivare og tyngre.

Og dei fleste av oss har det slik.
Me utfører det me må, me freistar finna på hyggelege ting for å setja glede til gråfargen som dett ned frå himmelen, meir eller mindre vertikalt.

Og så gjer me noko skrekkeleg dumt.
I staden for å kompensera for mangelen på lys og energi med å omgje oss med menneske som kan gje oss noko av det same, trekk me oss inn i oss sjølv.
Som bak ein rustning går me litt i dvale, bak eit skal som pakkar inn kvardagen.
Me gøymer oss litt.

Kanskje er det fordi me veit at det skal mindre til for å såra oss, gjera oss usikre, gjera oss slitne.

Av erfaring?

Så ventar me...


Me ventar oss gjennom november. Då ventar me på lysa og duftene som høyrer jula til.
Me ventar oss gjennom desember og tek ut litt ekstra krefter på å bli ferdig med alt me planlegg for at høgtida skal bli vellukka.
Me et oss gjennom jula som om me har fått to veker med trøyste-eting i gåve.
Så ventar me oss gjennom januar, me ventar på håpet, på denne eine dagen som skal setja i gang indre prosessar igjen, som skal frigjera energi.
Denne eine dagen då istappar smeltar i sola, som endeleg står høgt nok på himmelen til å frigjera den energien som skapar endring, energi overført til oss.

Me er som hjelperyttarane i Tour de France like før dei tek til på Pyreneane. Me undrar på om me atter eit år får spurta inn på Champs Elysee som nr 154 i samandraget, eller om kreftene tek slutt på vegen opp til Galibier.
Ein dag om gongen - ein etappe, ei stigning, ei kneik, ein kilometer, eit pedaltråkk....og kvile framfor neste dag.


Me ventar på at hud skal bli varm, at augene skal plira mot strålene og at det er tegn til forbetring.
At vinterdvalen skal sleppa taket.
Kvart menneske er om vinteren ein sart plante som treng dette ekstra sollyset for å starta vår eigen personlege fotosyntese; ein prosess der sollyset gjev nye krefter til å veksa.

Så kjem dagen då håpet vert tend....

Og me veit at det snart er vår; då me skal vera frigjort denne indre svevnen. Då rustningen skal av fordi me ikkje har så mykje redsle att å forsvara. Dei dagane som får oss til å bli sjølvgåande.


Oppvakninga!

Med kjensla av å vakna sakte, etter denne fyrste dagen av sol som varmar, vert eg mykje mindre oppteken av kven som vinn primærval i USA, om nordmenn er på pallen eller om Dagbladet sine forsider på ny har lågkarbonerte krigstypar.

Oppvakninga er fysisk, men frigjer den mentale energien eg har mangla.

God oppvakning til alle!

Det er tid for å komma ut no!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar