søndag 5. februar 2012

Livstrening

Å sjå isen smelta er god trening for hjartet.

Å vera ved god helse er ofte i media, og i mange menneske sine tankar, knytta til at ein ikkje blir forkjøla, at ein et lågkarbo eller at ein trenar så og så mykje.
Når nokon spør meg om eg trenar, kva skal eg då svara? Eg tek mine situps, men ikkje så altfor mange og ikkje må eg på treningsstudio for å gjera det. Eg får pulsen opp, sjeldan på ei romaskin eller tredemølle, men til dømes ved å gå turar og gå fort oppoverbakke.

Karl Evang, som i norsk politisk historie er omstridt og som òg var det som helsedirektør (mange kalla han for helsediktator!), sa eingong at helse ikkje berre har å gjera med om du er sjuk, men om du har fysisk, psykisk og sosialt velvære. Ein har ikkje alltid det, men om ein er seg det bevisst i betydninga å søke det, så kjem ein langt.


Når ein mann som Per Fugelli snakkar, lyttar eg alltid. «Til syvende og sist handler det om å løpe fra døden. Fra aldring, forfall og svakhet, og inn i den innbilte sterke sonen. Det ligger i dette en frykt og forakt for egen svakhet, og mangel på mot for å konfrontere de dystrere sider ved livet.»
Så ja, eg trenar, både fysisk og mentalt, men spring ikkje frå livet. Å trena på livet er å akspetera at ein nokre gonger er svak, og vera hjarteleg til stades når ein kjenner seg sterk og heil.


Denne helga har eg trent mykje. Livet har synt meg at for meg er det viktig å trena på det eg legg inn i livet av energi og det eg får ut av det, også av energi. Eg brukte i lange tider meir enn eg fekk. Og det gjorde at det oftare enn det skulle vart ubalanse.



Så korleis har eg trent?
Eg held ut ein maratondag på fredag. Snømåking, lang planleggingsdag med mykje energi, ein god middag med kolleger og ein fantastisk herleg 40-årsdag for et utruleg godt menneske eg med glede feirer.

Verdifull 40-åring som gjev energi.

Eg har kvilt nok og hatt tid til å gjera ferdig nokre små gode prosjekt heime. Og eg har vore på ein god tur i snøen i dag, tett innpakka i ull, ekstra hals og lue, medan vinden piska opp snøen frå jordene på Storset.

Er det ikkje trening, synes du?
Vel, då er me ueinige om det. Om trening berre er fysisk, så har eg nok berre trent litt. Og eg har ikkje ete lågkarbo-mat nok til å kvalifisere som tilhengar av media sine diettar. Eg har drukke vin, og det skal visst vera bra, inntil anna er bevist. Eg har fått kald luft i andletet, og med det pressa biholene litt på defensiven.


Døme på godt lag!
Eg har brukt tid på herlege menneske i godt lag, ledd og smilt både utanpå og inni, har gledd meg over deira eksistens og over balansen mellom å gi og få.


Og eg har brukt tid på meg sjølv, på den indre balansen, ivaretaking av tankar og kjensler.
Så er eg meir klar for ei ny veke, med utfordringar framfor meg, enn det eg elles ville vore. Eg trur Per Fugelli er einig med meg. Eg har trent på å vera eit heilt menneske med innhald.

Og då eg i stad sto ute på trappa og såg mot nord, etter stjerner eller nordlys, såg eg eit skydekke med snøfjoner i staden. Eg vert ikkje skuffa av slikt. For eg er meir enn glad nok for at eg faktisk ser etter. Då er sjansen større for at eg får sjå når skyene trekk vekk.

Livet er ei treningsøkt i balanse. Når ein ikkje har slik balanse må ein trena på å finna det. Når ein har det, må ein trena på å behalda.

Eg har fått erfara at treninga trengs. Eg veit korleis det kjennes uten. Men å trena på å vera lukkeleg er å trena på å vera seg sjølv. I det ligg det å våga å ikkje bli eit flokkdyr i alt som andre forventar om korleis du bør vera. "Du er sjølv den endringa du ynskjer i livet ditt", sa salige Matahma Gandhi.

Takk til dei som har hjelpt meg til å bruka helga til balansetrening. Takk for påfyll og gode smil. Takk for vin og klirring i glas. Takk for varme frå peisen og for kattars mjuke pels. Takk for trivialitetar og detaljar som gjev livet meining.
Og takk for snødrevet som traff andletet i dag. Varmen frå alt sit framleis i kinna.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar