torsdag 16. februar 2012

Alkymi




Den siste alkymisten sitt namn var det fantastiske Aureolus Phillipus Theoprastus Bombastus Paracelsus von Hohenheim og han levde i Tyskland tidlig på 1400-talet. Sjølv om me snakkar post-svartedauden og pre-reformasjon, ei tid då det føregjekk mykje rart, har eg ein teori om at foreldra til den gode Paracelsus freista å spela han eit puss.

Kanskje gjev eit slikt namn sjølkjensle nok til å leita etter metodar for å laga gull?
Eller skapte foreldra ved å døypa guten til dette namn ein latent galskap umogeleg å kurera i løpet av eit liv?


Al - kjem sjølvsagt frå arabisk. Grekarane sitt ord for kjemi var chymeia. Så enkelt blandast språket med ein bestemt artikkel og ordet kjemi til eit nytt ord som forklarer korleis vitskapsfolk alltid har søkt litt ekstra etter dei vegar som fører til rikdom eller anerkjenning eller den store mystisismen, basert på hear-say frå historiane om solgudane i oldtida.


Sjølvsagt var det aldri nokon som den gong skapte gull. Ikkje no heller, sjølv om nokre tener på alt, uavhengig av etiske standardar. Gull er eit metall som ikkje kan "mekkast" som ei legering.

Og nett det faktum er ei påminning til oss.
Det dyrebare i naturen vert ikkje menneskjeskapt. Det finns!


Å skape gull i kvardagen går likevel an.
Det gjeld å bruke augene.

Naturens alkymi er legeringa av nokre fantastisk innfløkte innretningar i menneskekroppen og det du kan sjå med dei.


"Me må opne augene våre!"
Ja, nettopp. Du treng ikkje kabbala, eit holistisk verdssyn, kjemiske ingrediensar eller tittelen alkymist i ei mørk bakstreversk verd for å sjå det.
Du treng berre to auger!

Fargar, lys og stavane i augene er kjemi på høgste plan.
Det er alkymi.


Du finn alkymi omkring og i deg kvar dag.

Men pengar er han ikkje verd.

Pengar kan ikkje måla storleiken på naturens alkymi.

God helg, du vidløftige sjel av Paracelsus!

Og godt blikk, alle saman!







Bileta er tekne ved Eikangervågen, ved Kvassnesstemma i Knarvik og på Ytre Mulaneset på Molvikvegen, februar 2012.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar